Pressemelding - Rår til at Volda kommune utset Helseplattformen

Pressemelding - Rår til at Volda kommune utset Helseplattformen

Til tross for at det frå kommunar som har innført systemet melder om fleire positive effekter, og at HelsaMi-appen gir positiv gevinst for innbyggjarane, synest det framleis å vere for mange ukjende faktorar til at kommunedirektøren kan tilrå innføring av Helseplattformen no.

Rår til at Volda kommune utset Helseplattformen

Til tross for at det frå kommunar som har innført systemet melder om fleire positive effekter, og at HelsaMi-appen gir positiv gevinst for innbyggjarane, synest det framleis å vere for mange ukjende faktorar til at kommunedirektøren kan tilrå innføring av Helseplattformen no.

 

Kva er Helseplattformen

Helseplattformen er eit felles journalsystem med mål om å skape betre samhandling, kvalitet og pasienttryggleik. Første fasen starta ved St. Olavs hospital og Trondheim kommune i april 2022. For å ta i bruk Helseplattformen, må kommunane signere ei tenesteavtale med Helseplattformen AS som er eit offentleg-offentleg samarbeid mellom helseforetaka og kommunane i Midt-Noreg. Kommunar som tek i bruk Helseplattformen må samtidig kjøpe aksjar i dette selskapet som skal drifte og utvikle systemet. Kommunedirektøren stiller også spørsmål ved modellen der vi skal eige i driftsselskapet, og vere delaktig i ansvaret for å drifte og utvikle systemet som er eigd av selskapet EPIC. Ved å gå inn på Helseplattformen vert kommunen knytt til eit bestemt system i lang tid framover og har mindre fleksibilitet til å velje andre system. Da er det i så fall viktig at usikkerheitsfaktorane kan reduserast, slik at ein kan vere trygg på at Helseplattformen vil vere det rette valet.  

Systemet er under utvikling

Kommunedirektøren opplever at systemet framleis er under utvikling. Dette gjeld mellom anna legemodulen, og det vert registrert at det meldt inn behov for forbetringar eller feil som må rettast. Det kan ta tid før vi får ei fullstendig evaluering av korleis Helseplattformen  fungerer. Riksrevisjonen og Datatilsynet skal inn med tilsyn og gjere sine vurderingar. Erfaringar frå andre kommunar tilseier at systemet er komplisert, og at det krevst god digital modenheit i organisasjonen for å kunne ta i bruk eit slikt system. Det er også usikkerheit rundt Helseplattformen AS sin kapasitet til å følgje opp dei kommunane som går på no, når mykje av kapasiteten til selskapet vert bunden opp i feilrettingar i sjukehusa.

 

Kan innføringsprosessen i sjukehusa få konsekvensar?

Det ser ut til at sjukehusa i Møre og Romsdal skal på no. Innføringsprosessen vil verte krevjande for sjukehusa, der dei må ta fast personale ut i opplæring og produktiviteten er varsla å gå ned i innføringsfasen. Det er grunn til å tru at pleie- og omsorgstenestene i kommunane vil få meirbelastning i denne perioden, og at belastninga samla sett ville verte for stor om Volda kommune skulle starta førebuing på innføring av Helseplattformen samtidig med sjukehusa går på. Kommunedirektøren er også uroleg for at innføringa av Helseplattformen i sjukehusa i Møre og Romsdal er underfinansiert, og at dette kan få konsekvensar for drifta av Volda sjukehus.

 

Helseplattformen - eit statleg initiativ med forventa kommunal deltaking

Da prosjektet med felles system for helseforetaka og kommunane i Midt-Noreg starta opp etter initiativ frå Helse Midt-Norge RHF var det gitt at kommunane i regionen skulle vere ein del av dette offentleg-offentleg innkjøpssamarbeidet. Denne felles løysinga fekk namnet Helseplattformen med det amerikanske selskapet Epic som systemleverandør. Epic vart valt som systemleverandør etter ei omfattande konkurranse der fleire leverandørar la inn anbod, m.a Dips som er det systemet som dei andre helseforetaka i landet nyttar. Helseplattformen  fekk statleg pilotstatus og staten har også lagt til grunn at helseforetaka og kommunane i Midt-Noreg skal ta i bruk Helseplattformen. Kommunane har inngått opsjonsavtale og rigga seg for at vi skulle ta i bruk dette systemet.

Ny nasjonal strategi frå store system til stegvise løysingar

Kommunedirektøren legg også vekt på regjeringa sin nye strategi for digital tenesteutvikling i helse- og omsorgstenestene. Regjeringa la nyleg fram stortingsmeldinga Nasjonal helse- og samhandlingsplan, der strategien «En innbygger – en journal» vert erstatta med ein strategi der dei går stegvis fram og hentar ut gevinstar under vegs.

Ikkje tilfredsstillande løysing i dag

Den kommunale helse- og omsorgstenesta står overfor store berekraftsutfordringar, med ein pressa kommuneøkonomi og mangel på helsepersonell. Vi må jobbe annleis, og digitale løysingar og smart teknologi må takast i bruk som ein del av svaret. Sentralt står behovet for å betre journalløysingane i kommunane på våre premissar. Vi må også få på plass samhandlingsløysingar som gjer det enklare å dele informasjon mellom dei ulike tenesteområda i kommunen, med spesialisthelsetenesta og kommunikasjon med brukarane. Dette får vi ikkje til med dei isolerte systema vi brukar i dag. Helseplattformen er meint å vere eit svar på dette. Med bakgrunn i regjeringa sin nye strategi har regjeringa og KS inngått samarbeidsavtale for å leggje til rette for vi får styrka digital samhandling og raskare innføring av helseteknologi. Det er grunn til å tru at det vil skje ein del framover, og dette samarbeidet er meint å  danne grunnlag for at marknaden kan levere samhandlingsløysingar for dei som ikkje nyttar Helseplattformen.

 

Bruke ventefasen til å førebu oss

Vi må innstille oss på digital omstilling også i helse- og omsorgstenestene. Uansett kva system vi vel, vil dette verte ei formidabel omstilling der vi endrar arbeidsprosessane og må forhalde oss meir aktivt til eksterne samarbeidspartar. Kommunedirektør Rune Sjurgard seier at Volda kommune bør bruke tida godt til å skaffe seg oversikt over kva som skjer med Helseplattforma framover, samt kva som vil skje i marknaden, og kome attende med ei vurdering av kva som er den mest tenlege løysinga for Volda kommune. Han seier vidare at det er viktig å satse på grunnleggjande IT-opplæring for dei tilsette i helse- og omsorgs-tenestene, slik at dei er best mogleg skodd for ein omfattande digital omstillingsprosess uansett kva journalsystem kommunen skulle lande på. 

 

Utfordrar helseministeren

​Kommunedirektøren meiner at helsemyndigheitene legg unødvendig stor belastning på kommunane når den enkelte kommune nærast skal eksperimentere og utvikle eit eige journalsystem.  Helsemyndigheitene burde gripe tak i dette da Helse Midt-Norge RHF meldte behov for nytt fagsystem og måtte ut i ei offentleg anbodskonkurrande. Myndifheitene kunne da laga ein samla plan på korleis elektronisk pasientjournal skulle løysast for helsetenesta i heile landet. Helseplattformen fekk status som pilot basert på tidlegare regjering sin nasjonale strategi – «En innbygger – en journal» - som dagens regjering har erstatta med ein strategi for digitalisering der en går stegvis fram og hentar ut gevinstar undervegs. Kommunedirektør Rune Sjurgard utfordrar helseministeren til å avklare kva denne nye strategien betyr for Helseplattforma og for kommunar i Midt-Noreg som ev ikkje tek i bruk helseplattformen. Vert helseforetaka og kommunane i Midt-Noreg  overlatt til seg sjølve, medan resten av helse-Noreg vert støtta når dei skal innføre den nye strategien som regjeringa no har lagt seg på? 

 

​Helseministeren er den øvste ansvarlege for at sjukehusa har forsvarlege tenester og forvaltar ressursane berekraftig. Korleis IT-systema ved sjukehusa fungerer er ein del av dette.  

Brei og involverande prosess

Kommunedirektør Rune Sjurgard seier at administrasjonen i Volda kommune har hatt ein grundig og brei prosess for å utgreie kva standpunkt ein skal ta i saka. Vi har lytta til Helseplattformen AS som leverandør, kommunar som har teke i bruk systemet, Helse Møre og Romsdal HF, offentleg tilgjengelege rapportar som har vurdert Helseplattforma, erfaringar frå pasientbrukarorganisasjonar, tverrfagleg kunnskap internt i kommunen, den interkommunale legevakta, fastlegane og arbeidstakarorganisasjonane i Volda kommune.

 

Risiko

Kommunedirektør Rune Sjurgard seier at dette er ei kompleks sak der det vil vere usikre faktorar knytt til alle alternativa: seie ja, seie nei eller utsetje. 

 

 

Helseplattformen
Tittel Publisert Type
Saksframlegg Formannskapet 02.04.24 – Avklaring om Volda kommune skal signere tenesteavtale for Helseplattforma

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Avklaring om Volda kommune skal signere tenesteavtale for Helseplattforma.pdf
Vedlegg 01 Dokumentasjons- og samhandlingsløsninger i helse- og omsorgssektoren Stjørdal

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 01 Dokumentasjons- og samhandlingsløsninger i helse- og omsorgssektoren Stjørdal.pdf
Vedlegg 02 Status innføring Helseplattformen Levanger - oppdatering pr. oktober 2023

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 02 Status innføring Helseplattformen Levanger - oppdatering pr. oktober 2023.pdf
Vedlegg 03 Rapport medarbeiderundersøkelse om innføring av Helseplattformen Trondheim kommune

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 03 Rapport medarbeiderundersøkelse om innføring av Helseplattformen Trondheim kommune.pdf
Vedlegg 04 Oppsummering av ringerunde til kommuner som nyttar Helseplattformen

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 04 Oppsummering av ringerunde til kommuner som nyttar Helseplattformen.pdf
Vedlegg 05 Økosystem vs. Plattform

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 05 Økosystem vs. Plattform.pdf
Vedlegg 06 Selskapet sin struktur og økonomiske styringslinjer

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 06 Selskapet sin struktur og økonomiske styringslinjer.pdf
Vedlegg 07 Kostnad

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 07 Kostnad.pdf
Vedlegg 08 Uttale frå kommuneoverlegen Volda

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 08 Uttale frå kommuneoverlegen Volda.pdf
Vedlegg 09 HP notat frå legevakta

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 09 HP notat frå legevakta.pdf
Vedlegg 11 Foreløpig tilsynsrapport Verdal

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 11 Foreløpig tilsynsrapport Verdal.pdf
Vedlegg 12 Arbeidet med å bedre kommunenes journalsystemer og samhandlingsløsninger- KS

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 12 Arbeidet med å bedre kommunenes journalsystemer og samhandlingsløsninger- KS.pdf
Vedlegg 13 Felles rammer og anbefalinger for anskaffelser av journalløsninger v10 - KS

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 13 Felles rammer og anbefalinger for anskaffelser av journalløsninger v10 - KS.pdf
Vedlegg 14 Underlag felles journalløft til Volda kommune - KS

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 14 Underlag felles journalløft til Volda kommune - KS.pdf
Vedlegg 15 SSIKT_Kostnadsestimat EPJ utanfor Helseplattformen

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 15 SSIKT_Kostnadsestimat EPJ utanfor Helseplattformen.pdf
Vedlegg 16 Helseplattformen Prisjustert KI3 2024 Volda

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 16 Helseplattformen Prisjustert KI3 2024 Volda.pdf
Vedlegg 17 Uttale frå representant NFU fylkeslag i Møre og Romsdal Helseplattformen

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 17 Uttale frå representant NFU fylkeslag i Møre og Romsdal Helseplattformen.pdf
Vedlegg 18 231023 Helseplattformen vedtak regionalt brukerutvalg innføring HMR

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 18 231023 Helseplattformen vedtak regionalt brukerutvalg innføring HMR.pdf
Vedlegg 19 Sak 115-23 Uttalelse Helseplattformen - fra BUene i Midt-Norge

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 19 Sak 115-23 Uttalelse Helseplattformen - fra BUene i Midt-Norge.pdf
Vedlegg 20 Brukerutvalget helse midt-norge Sak 129 Innføring HMR

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 20 Brukerutvalget helse midt-norge Sak 129 Innføring HMR.pdf
Vedlegg 21 Status HP 310124

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 21 Status HP 310124.pdf
Vedlegg 22 Vedtak økonomiske konsekvenser av utsettelse av innføring kommuner HPAS

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 22 Vedtak økonomiske konsekvenser av utsettelse av innføring kommuner HPAS.pdf
Vedlegg 23 Møteprotokoll Ekstraordinært styremøte HPAS

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 23 Møteprotokoll Ekstraordinært styremøte HPAS.pdf
Vedlegg 24 Presentasjon av Tjenesteavtale

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 24 Presentasjon av Tjenesteavtale.pdf
Vedlegg 25 Sak 19.22 Tjenesteavtaler for kommuner og helseforetak

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 25 Sak 19.22 Tjenesteavtaler for kommuner og helseforetak.pdf
Vedlegg 26 Sak 19.22 Vedlegg Hoveddokument (ferdig forhandlet)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 26 Sak 19.22 Vedlegg Hoveddokument (ferdig forhandlet).pdf
Vedlegg 27 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 1 Helseplattformen som tjeneste (ferdig forhandlet)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 27 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 1 Helseplattformen som tjeneste (ferdig forhandlet).pdf
Vedlegg 28 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 2 Tjenestenivå (ferdig forhandlet)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 28 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 2 Tjenestenivå (ferdig forhandlet).pdf
Vedlegg 29 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 3 Faglig beslutningsstruktur (ferdig forhandlet)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 29 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 3 Faglig beslutningsstruktur (ferdig forhandlet).pdf
Vedlegg 30 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 4 Samhandling og administrative bestemmelser (ferdig forhandlet)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 30 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 4 Samhandling og administrative bestemmelser (ferdig forhandlet).pdf
Vedlegg 31 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 5 Samlet pris og prisbestemmelser kommune (ferdig forhandlet) - SLAD

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 31 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 5 Samlet pris og prisbestemmelser kommune (ferdig forhandlet) - SLAD.pdf
Vedlegg 32 Sak 19.22 Underbilag 5.1 - Kostnadsfordelingsnøkler for kommuner (ekskl. Trondheim kommune)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 32 Sak 19.22 Underbilag 5.1 - Kostnadsfordelingsnøkler for kommuner (ekskl. Trondheim kommune).pdf
Vedlegg 33 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 6 Endringer (ferdig forhandlet)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 33 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 6 Endringer (ferdig forhandlet).pdf
Vedlegg 34 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 7 Behandling av personopplysninger (ferdig forhandlet)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 34 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 7 Behandling av personopplysninger (ferdig forhandlet).pdf
Vedlegg 35 Sak 19.22 Underbilag 7.1 - Varsel om vedtak - Helseplattformen og dataansvar

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 35 Sak 19.22 Underbilag 7.1 - Varsel om vedtak - Helseplattformen og dataansvar.pdf
Vedlegg 36 Sak 19.22 Underbilag 7.2 - Prinsipper for tilgang til journalinnhold i Helseplattformen v1.0

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 36 Sak 19.22 Underbilag 7.2 - Prinsipper for tilgang til journalinnhold i Helseplattformen v1.0.pdf
Vedlegg 37 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 8 Arkivering (Ferdig forhandlet)

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 37 Sak 19.22 Vedlegg Bilag 8 Arkivering (Ferdig forhandlet).pdf
Vedlegg 38 HP Uttale frå fastlegane i Volda

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 38 HP Uttale frå fastlegane i Volda.pdf
Vedlegg 39 Uttale frå HTV i Volda kommune om Helseplattformen 210324

25.03.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg 39 Uttale frå HTV i Volda kommune om Helseplattformen 210324.pdf