Pressemelding 23.03.24 - Normal drift ved Fyrde vassverk

Pressemelding 23.03.24 - Normal drift ved Fyrde vassverk

Laurdag 23. mars vart reparasjonsarbeidet ferdigstilt og Fyrde vassverk har normal drift. Vi beklagar ulempene driftsstansen har medført for abonnentane på Fyrde dei siste dagane.

 

 

Pressemelding 23.03.24 - Normal drift ved Fyrde vassverk

Laurdag vart reparasjonsarbeidet ferdigstilt og Fyrde vassverk har normal drift. Vi beklagar ulempene driftsstansen har medført for abonnentane på Fyrde dei siste dagane.

Vi takkar for tolmodet og takkar alle som har bidratt til å sikre forsyninga ved vassverket slik at abonnentane får trygt og godt drikkevatn.

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Oppdatering 19.03.24, midlertidig forføyning

Volda kommune fekk i ettermiddag kjenninga frå Møre og Romsdal Tingrett om begjæring om midlertidig forføyning. Kjenninga gir kommunen medhald i at Sunndal kraftverk omgåande må opne vasstilførsla til Fyrde vassverk. Kommunen arbeidar no med å få opna slusa i tråd med vedtaket, slik at abonnentane skal få tilbake sin normale vassforsyning. Alle abonnentane vil bli varsla på SMS når vassforsyninga er tilbake som normalt.

 

Pressemelding — Utfordringar i vassforsyning frå Fyrde vassverk

Volda, 18. mars 2024: Sunndal kraftverk har varsla, mot kommunen sine råd og vilje, at dei vil stengje vassforsyninga til Fyrde vassverk frå kl. 11.45. Dette fører til utfordringar kring vassforsyninga til abonnentar i Fyrde vassverk sitt dekningsområde. 

Volda kommune har sendt inn "BEGJÆRING OM MIDLERTIDIG FORFØYNING" til Møre og Romsdal Tingrett med påstand om at Sundal Kraftverk / Sundal Kraftverk AS opprettheld vasstilførsel via rørgate til Fyrde Vassverk.

Volda kommune har iverksett tiltak og er i gang med å etablere ei midlertidig løysing for å sikre tilgang til trygt drikkevatn for innbyggjarane i Fyrde. Ein tankbil vil mellombels bli brukt til å fylle høgdebassenget, og vassprøver vil bli tatt for å sikre at vatnkvaliteten er godkjent.

Det kan bli redusert trykk og mengde vatn for nokre hus i Fyrde og vi ber innbyggjarane i Fyrde om å vere sparsommelege med vassforbruket i denne perioden.

Volda kommune jobbar kontinuerleg med å finne ei permanent løysing på problemet. 

Vi beklagar ulempene dette medfører for innbyggjarane i Fyrde. Vi vil oppdatere fortløpande om situasjonen.

Kontaktinformasjon:

Lars Fjærvold

 

 

Volda, 18. mars 2024: 

Bakgrunn for saka der Fyrde vassverk har gått over til reserveløysing for vassforsyning

Bakgrunn for saka er at 15. januar sprakk eit rør som forsyner Fyrde vassverk med vatn frå røyrgata til Sundal kraftverk. Røyret sprakk inne i kraftverket og vatn spruta over ein generator.

Skaden vart meldt inn til kommunen og kraftverket sitt forsikringsselskap. Begge partane har KLP som forsikringsselskap. Takstmenn frå begge partar har vore og undersøkt og skrive forsikringsrapport. Kommunen har ved fleire høve bedt Sundal kraftverk om å purre på forsikringsselskapet då det er kraftverket sine eigendelar som har tatt skade og dermed kraftverket si side som må vere den aktive part og krevje regress dersom dei meiner at skaden er forårsaka av kommunal drift.

Kommune er budd på å ta eventuelle kostnadar dersom forsikringsselskapet meiner at det er kommunen sitt ansvar, men kan ikkje forskotere dette då ein risikerer å miste forsikringa.

Kommunen fekk tilsendt eit avtaledokument frå Sundal kraftverk i 2019 kor det går fram at røyret er kraftverket sitt ansvar. På bakgrunn av dette vil det vere naturleg at kraftverket reparerer røyret og eventuelt krev regress frå kommunen for utgiftene. Dette har kraftverket avvist og truga med å stenge vasstilførselen dersom kommunen ikkje tek på seg alt ansvar i saka.

Dette er ikkje mogleg å imøtekome, ettersom både årsak og ansvarsforhold er uavklart på noverande tidspunkt. Saka er videre under saksbehandling hos KLP, og kommunen har oppfordra kraftverket til å avvente inntil KLP har fått vurdert saka.

Kommunen tilbaud seg førre veke å sikre røyret ytterlegare utan å ta på seg ansvar for røyret eller skaden som har oppstått, men dette vart kontant avvist frå kraftverket. Kommunen gjorde kraftverket samtidig merksam på at dersom dei gjorde alvor av truslane om å stenge av vatnet, ville kommunen gå til rettsleg skritt.

Måndag føremiddag gjorde kraftverket realitet av truslane og stengte av vatnet. Kommunen har difor tatt saka vidare og begjært midlertidig forføyning. Kommunen er innstilt på å finne ei permanent løysing som begge partar kan leve godt med, men det er krevjande å finne ei slik løysing når kraftverket stenger vassforsyninga til innbyggjarane i Fyrde. Kommunen jobbar med å finne nokon som kan styrkeberekne eit nytt rør og nokon som kan sveise dette. Dette er ikkje rett fram då det er snakk om høge trykk.

Vassverket vert no forsynt med tankbil og vatn vert henta i Volda. Vatnet er trygt å drikke og kan nyttast som normalt.

 Vi er lei for at denne saka går ut over våre innbyggjarar på Fyrde og i Sunndalen og vonar at vi får på plass normal vassforsyning så snart som mogleg.

 

Kontakt

Lars Fjærvold
avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 86 38 46