08.11.23 – Pressemelding om budsjett og økonomiplan 2024-2027

08.11.23 – Pressemelding om budsjett og økonomiplan 2024-2027

Kunngjering av pressemelding om budsjett og økonomiplan og lenke til administrativt framlegg til budsjett og økonomiplan.

Administrativt framlegg til budsjett og økonomiplan vart presentert for kommunestyret onsdag 8. november. Det skal  vidare bli lagt fram til styre, råd og utval for behandling.

Formannskapet gjer innstilling til kommunestyret 28. november og endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret 14. desember 2023.   

Lenke til framlegg til budsjett og økonomiplan:

https://pub.framsikt.net/2024/volda/bm-2024-øpl_2024-2027

Økonomisjef Kari MEtte Sundgot og Kari Mette Sundgot - Klikk for stort bileteØkonomisjef Kari Mette Sundgot og kommunedirektør Rune Sjurgard Volda kommune

 

PRESSEMELDING 08.11.23

Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett for 2024 viser til at Volda kommune har eit høgt tenestenivå og innbyggjarane får jamt over gode tenester. Volda kommune er på 23. plass i Kommunebarometeret si måling av landets kommunar. Barnehagane i kommunen er andre best i landet på denne målinga. Kommune-direktøren varslar at driftsnivået ikkje er berekraftig og må ned i økonomi-planperioden.

Velferdsnivået er for høgt og vi må omstille oss. Det offentlege velferdsnivået i Noreg er høgare enn samanliknbare land, og det aukar kvart år. Offentleg sektor utgjer no om lag 63 % av samla BNP fastland. Det er bruken av oljefondet som gjer at vi kan halde oppe dette velferdsnivået. Regjeringane sine to siste perspektiv-meldingar peikar begge på overgangen til det grøne skiftet og at vi vil få lågare inntekter frå oljeverksemda. Perspektivmeldingane er tydelege på at berekraftig framtid tilseier at offentleg sektor må redusere forbruket og sektoren må omstille seg. Dette må skje i ei tid der andre sektorar som klima og forsvar må større prioritering, samtidig som vi får ei eldre befolkning og auka tilstrøyming av flyktningar.

Hovudutfordringane for Volda kommune er demografisk utvikling med fleire eldre som vil ha behov for tenester, fleire yngre tenestemottakarar med einetiltak som krev omfattande tenester, auka press på tenestene i samband med busetting av flyktningar og ein større del av inntektene må gå til dekning av renter og avdrag som følgje av svært høg lånegjeld.  Dette må handterast i møte med innbyggjarar som uttrykkjer andre behov og yter press på å få dekt sine interesser. Samanhengane i samfunnet er kompliserte. Det er utfordrande å få fram eit felles verkelegheitsbilde som samlar folk om kva prioriteringar som gjerast for å stette dei viktigaste behova og samtidig ha berekraftig økonomi. 

Meirskatteveksten dei siste åra vil ta slutt. Fram til no har også dei økonomiske resultata i kommunen vorte betre enn det ein har sett føre seg i budsjettprosessen året før. Vi har derfor kunna byggje opp disposisjonsfond. Dette skuldast at veksten i dei frie inntektene vart mykje høgare som følgje av høgare skatteinntekter, samt statleg kompensasjon knytt til pandemien og at utgiftene med flyktningar kjem i etterkant av overføringa av dei statlege tilskota. I åra framover kan vi ikkje rekne med meirvekst i dei frie inntektene. 

Det vil ikkje vere nok hender i helsetenestene. Fram til 2033 vil eldre over 80 år i Volda kommune auke med 41 %. Ved inngangen av 2024 vil det i Volda kommune vere 3,3 yrkesaktive pr innbyggjar over 67 år. Til tross for at Noreg har størst kapasitet på legar og sjukepleiarar samanlikna med landa i Eurosona, så peikar Helsepersonellkommisjonen (NOU 2023:4) på at vi i løpet av nokre år ikkje vil ha nok helsepersonell i helse- og omsorgstenestene. Vi må både redusere behovet for tenestene, ta i bruk teknologi og nytte betre den kapasiteten vi har. 

Prisvekst og behov for tenester gir tiltak på ca 50 mill. Det er lagt inn auka driftstiltak på ca 50 mill i budsjettet som er vidareført i økonomiplanperioden. Dette omfattar i hovudsak lønsauke, rettigheitsfesta tenester til yngre brukarar i helse og omsorg, prisvekst på utstyr og medisin i helse og omsorg, reduserte inntekter som følgje av minstepris i barnehage, auka tilskot til private barnehagar og prisvekst knytt til lisensar og avtalar i tenesteyting. Inflasjonen og renteutviklinga førte til at det vart eit høgt lønsoppgjer i 2023. Heilårsverknaden av denne lønsveksten vart på 35,6 mill som kjem i tillegg til tala ovanfor og er inndekt ved bruk av disposisjonsfondet etter vedtak i 1. tertial 2023 .

Renteauke på 28,4 mill kjem i tillegg. I tillegg kjem renteauken som for 2024 vil utgjere ein meirkostnad på 28,4 mill i forhold til rentenivået som låg til grunn frå eitt år sidan. Tiltak knytt til flyktningar finansiert av statlege tilskot kjem dessutan i tillegg til denne volumauken.

Inntektsveksten i statsbudsjettet strekk ikkje til. Sjølv om Volda kommune fekk relativt god vekst i dei frie inntektene for 2024, så vert veksten langt på veg oppspist av løns- og prisveksten. Tek ein med renteauken i tillegg til dette, så vil vi kome i manko før ein vurderer behovet i primærtenestene. 

Kommunedirektøren er uroleg for veksten i behovet for tenester i helse og omsorg. Dette er ein landsdekkjande trend som har samanheng med demografien, fleire yngre som får behov for tenester, oppgåveforskyving frå helseforetaket og forventingar frå innbyggjarane. Det er svært stor risiko for at auken som er tilført sektoren i budsjettet og økonomiplanen ikkje vil verte tilstrekkeleg, og at ein må gjere vurderingar i samband med handsaming av tertialrapportane. 

Vidare busetting av flyktningar fører til press på tenestene. Dei siste to åra vil kommunen ha busett ca 280 flyktningar, hovudsakleg frå Ukraina. Ut fr dei nasjonale signala vil kommunen truleg verte spurt om å busetje tilsvarande nivå som i 2022 – 2023, dvs om lag 140 flyktningar. Det vil verte utfordrande å skaffe bustader. Presset på tenestene merkast, og innbyggjarane må vere budde på å dele tenestene med fleire. Det er usikkerheit knytt til økonomien med flyktningebusettinga. Integreringstilskotet er tidsavgrensa, og vi veit ikkje kor lenge flyktningane frå Ukraina som er her på kollektivt opphald vert buande i kommunen. Raske integreringsløp med overgang til arbeid er avgjerande. Skal busetting på nivå med i år og i fjor vere realistisk for neste år må staten inn med lemping av krav til tenestene og tiltak som styrkar kapasiteten. 

Hadde von om å utsetje auken i eigedomsskatten – men det går ikkje. I gjeldande økonomiplan vedteke av kommunestyret er det lagt til grunn eigedomsskatt på 4 promille i 2024. Eg hadde von om at vi kunne skyve denne auken til året etter, ettersom det er dyr tid for innbyggjarane som merkar auken i prisane og renta på sine lån. Administrasjonen har tydeleg varsla om at 2025 ville verte starten på dei krevjande åra framover som det første heile driftsåret med nytt svømmeanlegg. Denne satsinga ville ikkje vore mogleg utan å nytte potensialet i eigedomsskatten. Det vi ser no er at 2024 vil verte meir krevjande enn rekna med, spesielt på grunn av renteauken og tunge einetiltak i helse- og omsorgstenesta. Kommunedirektøren ser dessverre ikkje at det er mogleg å leggje fram eit budsjett i balanse utan å leggje inn auke til 4 promille i eigedomsskatt i 2024 slik kommunestyret har lagt til grunn.

Investeringane må ned på lågbluss. Med unntak av 2024 der vedtekne investeringar går inn i ei sluttfase er investeringsnivået vesentleg redusert. Målsettinga er at avdraga skal vere større enn opptak av nye lån for å redusere lånegjelda. Dette inneber ei svært streng prioritering av investeringstiltak. 

Blant investeringane i 2024 er:

InvesteringBeløp i heile 1000
Restløyving svømmehallen 105 000
Restløyving Volda ungdomsskule   5 000
Hamna 20 (dekt ved leigeinntekter) 25 000
Oppgradering bygg (inkl ombygging samfunnshus)52 625
Grunn og næringsutvikling10 000
Auka ramme Urbakkfoten 11 166
Oppgradering leikeplassar 1 000
Investeringar innanfor sjølvkostområda vatn og avløp34 150
Utbygging av kommunale vegar12 500
Caarport Volda omsorgssenter 4 000

 

Samla sett vert investeringane på 274 mill i 2024. Det høge nivået neste år skuldast i hovudsak større prosjekt som vert vidareført frå tidlegare vedtak. For 2025 er nivået foreslått redusert til 65,5 mill, 2026 til 67,8 mill og 2027 til 11,3 mill. I desse beløpa ligg også investeringar til sjølvkostområdet vatn og avløp som ikkje belastar drifta til kommunen. I tillegg kjem låneopptak på 20 mill i året til Startlån for vidareutlån.

Pr 2022 var netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter for Volda kommune 136 %. Gjennomsnittet for kommunane i Møre og Romsdal var 113,1 % og for landet utan Oslo 92,8 %. I 2024 vil dette forholdstalet verte 159,8 % for Volda kommune. Det viser at kommunen må redusere kraftig på investeringane frå 2025 og neste 10-årsperiode. 

Gjennomsnittleg vil Volda kommune betale 76 mill i året i avdrag i komande fireårsperiode. For å redusere lånegjelda må vi i framtida ned på eit investeringsnivå godt under dette nivået.

Omstillingsbehov for å få gevinst av digitalisering. IT-investeringar kjem i tillegg. Desse er lagt på eit minimumsnivå for neste år. Kommunane på søre Sunnmøre har fått utarbeidd ei analyse som skisserer behov for omstilling innanfor den enkelte kommune og av det interkommunale IT-selskapet SSIKT for at kommunane kan få effekt av digitalisering. 

Samfunns- og næringsutvikling - Det er lagt inn tiltak i økonomiplanen for å stimulere til utbygging av bustadfelt, samt regulering av Volda sentrum og Grodås for å utløyse privat utbygging. Vidare er det i 2026 innarbeidd at Volda kommune inngår leigeavtale med Norsk Innovasjonssenter.  

Vi må bruke disposisjonsfond for å dekkje planlagt drift. Ved slutten av perioden vil fondet vere langt på veg oppbrukt. Dette er ikkje berekraftig utan at det vert gjort tiltak for å redusere driftsutgiftene med om lag 25 mill. Det må også presiserast at det er knytt risiko til enkelte faktorar som budsjettet og økonomiplanen byggjer på. Dersom desse risikofaktorane slår til vert utfordringsbildet tilsvarande større. 

Drifta ned 25 millionar i fireårsperioden - Kommunedirektøren foreslår at det rett over nyttår vert sett i gang prosessar for å konkretisere tiltak, og foreslår vurderingar som minstestandard på tenestene, ombruk som gjennomgåande prinsipp, redusere kurs og kompetanseutvikling, selje bygg og areal, samlokalisere tenester og halde eit lågt investeringsnivå. I tillegg til dette pågår det kontinuerleg prosessar i sektorane for å nytte ressursane betre, som t.d prosessar knytt til heiltidskultur, bruk av teknologi og samskaping på tvers av tenestene og med eksterne. Tenestenivået må ned, og vi må vere budde på at det vil føre til fleire misnøgde brukarar og innbyggjarar og fleire klagesaker. Kommunedirektøren vil likevel ikkje skissere ei justering av det velstandsnivået, vi har tillatt oss å leggje oss på, som noko krise.  Dette vert eit felles oppdrag der politikarane og administrasjonen må jobbe godt på lag, og felles skape eit verkelegheitsbilde som også innbyggjarane deler.

Klimabudsjett - Berekraft må også vurderast opp mot klima og miljø, og for første gong er det innarbeida eit eige klimabudsjett i budsjett- og økonomiplanframlegget. Vi har eit mål om at voldasamfunnet skal redusere sine direkte utslepp med minst 55 % innan 2030, samanlikna med 2009. Miljødirektoratet sin statistikk for klimagassutslepp som viser årleg utvikling for kommunane med tidsserie som går tilbake til 2009, og difor er dette året tilrådd referanseår. Statistikken viser direkte utslepp innanfor kommunen sitt geografiske område. 

Klimabudsjettet er eit styringsverktøy for å oppnå klimagassreduksjonar og andre vedtekne klimamål. Det er og eit systematisk bidrag for å fylgje opp FN sine berekraftsmål. Klimabudsjettet inneheld planlagde tiltak i inneverande økonomiplanperiode som skal bidra til å redusere klimagassutsleppa. Det seier også noko om venta effekt av tiltaka, og fordeler ansvar for gjennomføring og rapportering. Klimabudsjettet viser om dei vedtekne tiltaka er tilstrekkelege for å nå måla, eller om det er behov for å styrke innsatsen. Årleg oppdatering av klimabudsjettet gir moglegheit til å justere kursen.

Dette er det første klimabudsjettet Volda kommune har utarbeidd, og 2023 er dermed eit slags “innføringsår”. Det er ikkje eit komplett klimabudsjett, men ein har prioritert å få på plass eit rammeverk som skal hjelpe oss å jobbe systematisk med dette i framtida. I innføringsåret er det sektor for samfunnsutvikling som har teke del i prosessen med klimabudsjettet, men målet er at heile kommuneorganisasjonen deltek og at kvar sektor vurderer kva for klimatiltak ein skal gjennomføre.  

Fremlegg til budsjett og økonomiplan 2023-2027

Møteplan og saksdokument

Kontakt

Rune Sjurgard
kommunedirektør
E-post
Mobil 90 05 37 52
Kari Mette Sundgot
økonomisjef
E-post
Mobil 90 60 16 80