1,8 millionar kroner til førebygging av flaumskadar

1,8 millionar kroner til førebygging av flaumskadar

Volda kommune vart tildelt 1,8 millionar kroner ved fordeling av ekstra skjønnsmidlar til førebygging av flaumskadar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Volda kommune vart i veke 22 tildelt 1,8 millionar kroner ved fordeling av ekstra skjønnsmidlar til førebygging av flaumskadar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. For å kunne nyttiggjere oss denne stønaden må tiltaket ha effekt på årets vårflaum. Det raskaste og viktigaste tiltaket vi kan gjere er å bytte ut kulverten der Gjølelva kryssar Kårstadvegen. Dette er årsaka til at vegen vert stengt med kort varsel.

 

Dette tiltaket var allereide planlagt i del 2 av flaumførebygging av Volda sentrum Melshornsida. Tiltak som gjeld kryssing av vegar vert ikkje støtta av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Tiltaket ligg som ein opsjon til del 1 av prosjektet, og kan bestillast direkte av entreprenøren Aurvoll og Furesund AS.

Volda kommune har bestilt følgjande tiltak utført så snart som råd:

Eksisterende kulvert skal skiftast ut med to nye ø1600 kulverter. Eksisterande støttemur på nedstrøms skråning av kulverten vert skifta ut. Her kan det være flere alternative løsninger, med f.eks. ein enkel kulvert av større dimensjon.

Tiltaket vert gjennomført som eit hastetiltak der ny kapasitet til å ta vatn gjennom Kårstadvegen skal vere funksjonell innan 01.07.2020. Tiltaket skal vere ferdig gjenoppbygd innan 21.08.2020.

Tiltaket medfører:

  • Stenging av Kårstadvegen for gåande og køyrande mellom Røyslidvegen og Kårstadvegen 1. Stenginga vert i tida måndag 15.06.2020 til fredag 17.07.2020, Frå 17.07.2020 vil køyrety kunne passere i minimum 1 køyrefelt.
  • Det vert skilta omkøyring via Røyslidvegen og Heltnevegen, og via Skjervavegen og Storgata
  • Dei to treda som ligg nærast vegen på nedsida av vegen, på Statsbygg si grunn vert fjerna, og nye vert eventuelt planta når tiltaket er ferdig.
  • Vegen vert opna for gåande og køyrande innan skulestart i august 2020.

Det vert anleggstart måndag 15.06.2020.

Sjå vedlagt flaumsonekart og "worst case" senario (PDF, 757 kB)med tilstopping av kanal gjennom Kårstadvegen.

 

 

Innspel i saka sendast til prosjektleiar Rune Totland.