1. desember er røykvarslardagen

1. desember er røykvarslardagen

Husk å sjekke røykvarslaren

Røykvarslardagen 1. desember er ei ein årleg kampanje som brannverna held saman med Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, det lokale eltilsyn og Gjensidige. Det er framleis alt for mange som enten manglar eller har røykvarslarar som ikkje fungerer.

Det er derfor kjempeviktig å teste at røykvarslaren er i orden, særleg dersom huset har stått tomt nokre veker som til dømes etter at ein har vore ute på reise.

Halvparten av alle brannar blir fyrst oppdaga og varsla av røykvarslar eller brannalarmanlegg, hadde alle hatt fungerande røykvarslarar så ville fleire brannar bli oppdaga i ei tidleg fase.

Levande lys, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i tida før og etter jul, særleg i kombinasjon av inntak av alkohol kan brannar lettare oppstå. Gjer det derfor til ein regel å bytte batteri i røykvarslarane og ta ein sjekk på at lyslenker og skøyteleidningar er heile og i orden før du heng dei opp, seier Knut Øystein Ekroll, branningeniør i Volda brann og redning..

Dei siste 5 åra har det vore 20 bygningsbrannar i Volda kommune. Det er viktig at alle tetar røykvarslarane sine og sett inn nye batteri, røykvarslaren bergar liv

Statistikken viser at det er flest bygningsbrannar i desember og januar.

Så langt i år har det i Volda kommune vore 3 bygningsbrannar og 126 andre utrykkingar