1 desember er røykvarslardagen

1 desember er røykvarslardagen

Vi kjem til å markere røykvarslardagen med å stå på stand på Spinneriet og oppmodar alle om å sjekke røykvarslaren sin, og eventuelt bytte batteri på røykvarslardagen 1. desember,  seier Knut Øystein Ekroll, branningeniør i Volda kommune.

Knut Øystein Ekroll, branningeniør i Volda kommune står ved sidan av eit juletred. - Klikk for stort bilete Volda kommune

1. desember er både starten på advent men også røykvarslardagen. Dette er ein årleg kampanje med fokus på viktigheita av å ha fungerande røykvarslarar.

– Dei siste fem åra har dei i Volda kommune vore 22 bygningsbrannar, tidleg varsel er det viktigaste tiltaket for å redde liv og materielle verdiar.
Levande lys, peiskos, lyslenker, og meir elektrisk belastning no når det blir kaldt utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon av inntak av alkohol. Derfor er det viktig å nytte røykvarslardagen til å teste røykvarslarane og gjerne sjå over at lyslenker og anna elektrisk pynt er heile og i orden. Er det synlege skadar eller misfargingar på elektrisk utstyr så bør dette bytast ut, seier Ekroll. 

– Alle bustadar skal ha røykvarslar eller brannalarmanlegg som kan høyrast alle stadar i huset. Sjølv om ein har røykvarslar er det viktig å teste jamleg at den fungerer. Det er også viktig å teste røykvarslarane om ein har vore bortreist i lengre tid, dette gjeld også om ein skal feire jula på hytta for å være sikker på at røykvarslaren har fungerande batteri.

– Fleire røykvarslarar gir større sikkerheit, dersom ein har mange rom eller fleire etasjar bør ein ha seriekopla røykvarslarar slik at det blir varsla på alle rom ved brann. Røykvarslarane bør testast fire gongar i året, og særleg no i adventstida. Dersom ein har røykvarslarar som er eldre enn 10 år så er det også anbefalt å skifte ut til nyare røykvarslarar.

 Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brannvernet, brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, det lokale eltilsynet og Gjensidige.

– Vi kjem til å markere røykvarslardagen med å stå på stand på Spinneriet og oppmodar alle om å sjekke røykvarslaren sin, og eventuelt bytte batteri på røykvarslardagen 1. desember,  seier Knut Øystein Ekroll, branningeniør i Volda kommune.