Bente Kristin Krøvel
Sunniva Utnes Kvangarsnes, Volda kommune
Bente Kristin blei tilsett på kommunekassa, men det gjekk ikkje lang tid før ho fekk jobb på sentralbordet, og dette vart ei arbeidsoppgåve ho har hatt eit hovedansvar for i nesten 40 år. Ho har i tillegg vore utvalssekretær, jobba med overformynderi og forliksråd for å nemne nokre av arbeidsoppgåvene ho har hatt.
I løpet av desse 43 åra i Volda kommue har Bente Kristin vore med på ei teknologisk reise som ein knapt kunne forestille seg den gongen. For å nemne nokre av endringane:
- Frå overhead og diktafon til Teams og moderne saksbehandlarsystem
- Frå skrivemaskin med rette-tast til avanserte digitale verktøy
- Frå telefonlister på papir til sentralbord via mobilapp
- Frå telefax og bugnande arkivskap til Digitale forseningar og skybasert lagring
Gjennom desse åra har ho besvara eit seks-sifra tal telefonar på sentralbordet, vore sekretær i utallige politiske møte, sett politikarar komme og gå, vore tilsett under seks ordførarar, i tillegg til ulike kontorsjefar, rådmenn og ein kommunedirektør.
Volda kommuen ønsker Bente Kristin alt godt vidare!