Aasenkvartalet – tomteverdi og tap?

Aasenkvartalet – tomteverdi og tap?

Det er behov for ei nyansering av fakta kring eigarskap og tomteverdi på høgskuleområdet, i det området som er kalla Aasenkvartalet. Samt om dette er verdiar som kommunen kan tape.

Illustrasjonsskisse av Aasenkvartalet - Klikk for stort bilete Aasenkvartalet

Volda kommune overførte i 2021 sine eigedomar på høgskuleområdet til Volda Utvikling AS. Innhenta takst var på 20,3 million. Volda Utvikling er eit heileigd kommunalt utviklingsselskap som har i sitt oppdrag å utvikle eigedomar som kommunen som eigar definerer oppdrag på. Det konkrete oppdraget på høgskuleområdet var innovasjonssenter og kontorarbeidsplassar for bedrifter, lokale til Høgskulen i Volda og kultur- og konferansescene saman med hotell som dei mest sentrale funksjonane.

Bakgrunnen for denne modellen er at Volda i motsetning til kommunane rundt oss manglar større investorar med tilstrekkeleg kapital til å reise så store prosjekt. Samtidig er dette eit svært viktig prosjekt for utviklinga i voldasamfunnet og Sjukehuset og Høgskulen som berebjelkar for framtida.

Tomteverdi – netto anslag 21,7 million

Når ein skal vurdere tomteverdien må ein ta utgangspunkt i verdien på det vi faktisk eig, ikkje det vi kan kome til å eige i framtida. Oppstillinga under viser verdien ut frå oppdatert takst frå Mulvik i 2023. Dette viser at verdien på den tomta Volda Utvikling AS fekk overført frå Volda kommune (dei blå linjene i tabellen) er om lag 21,7 mill. Då har vi trekt frå kostnaden med å rive eksisterande bygningsmasse på tomta. Taksten på kr 2.820/m2 er forutsatt ei byggeklar tomt. 

Tabell som synleggjer tala det står forklart om under i artikkelteksten. - Klikk for stort bilete Tabell

Dei raude linjene i tabellen viser dei delane av det samla Aasenkvartalet vi ikkje eig pr i dag, samt areal som ikkje er byggbart. Om ein legg inn desse areala stemmer det at ein teoretisk verdi på det samla Aasenkvartalet vil kunne vere kr 65 mill (med fråtrekk for rivingskostnaden vert det ca kr 56 mill for byggeklar tomt).   

I oversikta går det fram kven som eig dei ulike tomtene innanfor «Aasenkvartalet». Selskapet Aasen Eigedom 1 AS har heimel på tomta som Ivar Aasen-huset står på i dag. Dette selskapet er eigd av Sisa Invest AS. Aasenkvartalet har eit potensial for tre byggjesteg som føreset utkjøp av ein privat eigedom og Studentsamskipnaden sin eigedom. Det vil veere misvisande å rekne desse eigedomane inn i verdivurderinga knytt til dei opprinnelege kommunale tomtene, sidan dei ikkje er eigd av Volda Utvikling AS eller Volda kommune. 

Kart som viser kvar bygga skal stå på dei ulike byggetrinna - Klikk for stort bilete Illustrasjon

 

Taper kommunen tomta?

Volda Utvikling AS finansierer si drift og utviklingsarbeid gjennom ein kassakreditt med pant i taksert heimelsført tomt. Kassakreditten har ei øvre ramme på 15 million. Det er trekt ca 12 million av denne kassakreditten.

Volda Utvikling AS er eigd av Volda kommune, og har styring av selskapet om prosjektet i verste fall skulle verte lagt ned. I så fall vil det også medføre at Aasen Eigedom AS med rettar og plikter inklusive tomta vert ført over til Volda Utvikling AS. Volda kommune vil da vere i  posisjon til ta stilling til om selskapet skal oppløysast, ta tilbake heile det opprinnelege kommunale tomteområdet og løyse ut kassakreditten frå banken og dei øvrige avtalemessige pliktene mellom Volda Utvikling AS og Sisa Invest AS. Å leggje ned prosjektet vil kunne utløyse samla kostnader på om lag 20 millionar, men da vil kommunen sitje som eigar av tomta med ein verdi på minst 21,7 mill. Det vil da verte opp til Volda kommune om ein vil selge tomtene i den opne marknaden og få dekt desse kostnadene.  

I første omgang skal Volda Utvikling AS sine styrande organ, styret og generalforsamling, handsame vidare strategi og framdrift for prosjektet Aasenkvartalet innanfor det mandatet som er gitt frå kommunestyret. Protokollen frå styret og generalforsamling vert lagt fram for kommunestyret som kan vurdere om kursen eventuelt skal endrast.