Andaneset - bade- og fiskebrygge

Klikk for stort bilete Torgeir Stensø  Bade- og fiskebrygga i friluftsområdet på Andaneset er no under oppføring.

Det er firmaet HR-Bryggen AS som er tildelt arbeidet som er avtalt å koste til kr 600 000,- eks mva. Miljødirektoratet har etter søknad frå kommunen, løyvd midlar tilsvarande dette beløpet til prosjektet.

Det vil verte montert badestige og pullertar for fortøying av mindre båtar på brygga.