Andaneset - bygging av veg på gamlemåten

Andaneset - bygging av veg på gamlemåten

Som del av arbeidet med å tilrettelegge for friluftsliv på Andaneset held Olav Sætre og Jon-Arve Lillemark i Sandal AS på med bygging av ein liten vegstubb ned til der det skal kome ei bade- og fiskebrygge.

Olav Sætre og Jon-Arve Lillemark bygger turveg på Andaneset Torgeir Stensø  

Sidan det ikkje er køyrbar veg fram til området må dei nytte stein som ligg på staden til å lage støttemurar. Arbeidet skjer på gamlemåten ved hjelp av boring og kiling/deling av stein og løfting med manuell kran.

Vegen blir bygd på gamlemåten Torgeir Stensø