Arbeidet med den nye sambindingsvegen og bustadfeltet Urbakkfoten like ved Håmyra er no igangsett, og det vert no gjennomført hogst med maskiner som krev stor tryggleiksavstand.
Ivar Andre Skare
For å ivareta tryggleiken til personar som ferdast i området, har entreprenør sett opp skilt, sperringar og drive aktivt informasjonsarbeid til forbipasserande.
Utklippet under syner stinettet som no er stengt, markert med raud farge.
Illustrasjon kart
Vi erfarer at sperringar og skilt ikkje vert teke på alvor av alle, og er bekymra for tryggleiken til dei personane som vel å nytte seg av det avsperra stinettet trass pågåande anleggsarbeid.
Volda kommune oppmodar på det sterkaste alle som bevegar seg i området til å velje alternative turruter den tida stinettet er avsperra.