Anleggsarbeid på Øvre Heltne og Bjørnevegen Kjetil Årøen Vi ser at Bjørnevegen er ein mykje nytta turveg, men for å hindre farlege situasjonar, ber vi om at mjuke taffikantar nyttar Bergsvegen ein periode. Vi har ein del utfordringar med kombinasjonen mjuke trafikkantar og anleggsdrift på Øvre Heltne. Vi ser at Bjørnevegen er ein mykje nytta turveg, men i ein periode framover vil det vere mykje aktivitet langs vegen med gravemaskiner og lastebilar, nettopp for å legge til rette for gåande og syklande. For å unngå at nokon vert skadd så ber vi om at turgåarar og andre nyttar Bergsvegen så lenge det pågår anleggsverksemd i Bjørnevegen. Entreprenør opplever at enkelte bilistar passerer anleggsområdet i svært høg fart. Vi ber om at alle viser omsyn og senker farta når dei kjører forbi anleggsområdet. Kartutsnitt Denne «omvegen» er om lag 200 meter lenger. Kjetil Årøen Publisert 20.03.2023 13:03 Sist endra 22.03.2023 14:53