Arbeidet har starta opp!

Arbeidet har starta opp!

På biletet f.v. F.v.: Gunnar Skare,  Jarl Martin Møller, Torgeir Stensø, Sølvi Dimmen, Jon Grebstad, Øystein Åmelfot og Sigvald Bjåstad. - Klikk for stort bileteF.v.: Gunnar Skare, Jarl Martin Møller, Torgeir Stensø, Sølvi Dimmen, Jon Grebstad, Øystein Åmelfot og Sigvald Bjåstad. Volda kommune Ordførar Sølvi Dimmen fekk æra av å ta det første spadetaket for bygging av servicebygg og amfi i Voldahamna. 

Volda Maskin AS vart tildelt entreprisen og i dag, 24.04.22, er kontrakt med tilbydar signert for dette arbeidet som er ein del av sentrumsprosjektet for Volda. 

Fakta om tiltaket:

  • Tiltaket omfattar bygging av servicebygg på 22 m2 (BRA) med vaskerom, tørkerom, dusj og toalett (WC/HWC) samt teknisk rom. Bygget vert utforma med same arkitektoniske verkemidlar som er nytta i fjordportalen ved fyrlykta, på kledninga av fronten ved flyndrekaia og på brurekkverket i Elvadalen.
  • Den austlege skråninga på moloen (mot elva) skal rehabiliterast og det skal byggast eit amfi med trappetrinn av naturstein slik at publikum kan ferdast ned til elva/fjorden og slik at moloen får naturstein-trapp/amfi på begge sider. Dette vert utforma som eit parkanlegg med vekt på høge krav både til materialkvalitetar og til utføring.
  • Lokaliteten av stokkender som held til i området vil no kunne observerast i oppgraderte og vakre omgjevnader. 
  • Kloakkleidninga som ligg i botnen av molosida vert skifta ut slik at ein får fjerna problemet med ureining, lukt og negative synsinntrykk i utløpsosen av Øyraelva. Utskiftinga utgjer ca 1,4 mill av samla kostnader i prosjektet.
  • For å stette krava til universell utforming er det planlagt å bygge ein skrårampe i molosida slik at det vert mogleg for alle å kome ned i nærkontakt med elva/fjorden.
  • Framdriftsplan: anleggsoppstart mai 2022, ferdigstilling august 2022.
  • Statens vegvesen har hatt merknad til dispensasjonssøknaden for tiltaket. Dette gjeld behov for endring av avkøyrsle i krysset ved Hamnegata. Det er etablert semje om prinsipp for løysing av dette og endringa er innarbeidd i byggeplanen.
  • Det er søkt om tilskot frå tettstadprogrammet for Møre og Romsdal og kommunen har motteke tilsegn om tilskot på kr 968 000,-.
  • Det er søkt om dispensasjon frå plankrav i høve kommuneplanen samt om dispensasjon frå det generelle byggeforbodet i 100 – metersbeltet. Det er også søkt om byggeløyve (rammeløyve). Alle søknadane er no innvilga.
  • Kostnadane slik dei er framkomne i tilbodet frå entreprenør på kr 9 327 478,- eks mva kan dekkjast innanfor rammene som står til rådvelde i kommunen sitt investeringsbudsjett - sentrumsprosjektet.