Kommunalsjef for helse og omsorg Svein Berg-Rusten er svært stolt av medarbeidarane på Piletunet og Kleppetunet. Her saman med f. v. Kari B. Bjørdal plasstillitsvalt Fagforbundet og Sigrid E Saanum, seksjonsleiar.
Volda kommune
Grunngjeving for prisen
Årets Publikumspris skal gå til ei verksemd – privat eller offentleg – som har fokus på service, kvalitet og vertskap. Prisen skal heidre nokon som gjer litt ekstra for å ta hand om kundane og brukarane sine, og vere eit bidrag til å gjere alle meir bevisst på tydinga av god service i alle ledd.
Piletunet/Kleppetunet får stor ros for å møte pasientar og pårørande på ein profesjonell, og svært omsorgsfull måte. Kvar og ein kjenner seg sett og ivareteke. Erfarne, dyktige og imøtekomande tilsette har greidd å skape eit fantastisk miljø. Både bebuarar og pårørande vert møtt på ein positiv og verdig måte, og publikumskåringa syner tydeleg at dette er lagt merke til.
Svein Berg-Rusten fortel om publikumsprisen
Volda kommune
Stolt leiar
Kommunalsjef for sektor helse og omsorg nytta høvet til å fortelje om prisen under ei Tørn-samling onsdag 29. oktober.
– Eg følte meg nesten som ei rockestjerne då eg fekk vite at Piletunet og Kleppetunet hadde vunne Årets publikumspris under prisutdelinga for næringslivet i Volda. Det kom litt brått på – eg fekk telefonen berre tre kvarter før eg skulle på scenen – men det var sjølvsagt ei glede å få lov til å ta imot prisen på vegner av dei tilsette.
– Dette er ein pris som kjem frå folk flest – frå publikum – og det gjer han ekstra verdifull.
– Juryen og dei som stemde, har lagt vekt på god service i alle ledd, og på korleis tilsette ved Piletunet og Kleppetunet møter pasientar og pårørande på ein profesjonell, omsorgsfull og varm måte. Alle som kjem dit, opplever å bli sett og ivaretekne.
– Dei dyktige og imøtekomande tilsette gjer ein utruleg viktig innsats, og det er tydeleg at dette blir lagt merke til av innbyggjarane i Volda.
– Eg vil seie: Gratulerer så mykje til alle ved Piletunet og Kleppetunet – de har verkeleg fortent denne prisen!
Rørte og takknemlege
– Vi var både rørte og takknemlege. Det er veldig kjekt at pårørande viser at dei set pris på oss. Det gav motivasjon berre å vere nominert. Berre det at nokon har sendt inn eit forslag på oss, er kjempekjekt, sa Kari B. Bjørdal og Sigrid E. Saanum, som begge arbeider ved Piletunet/Kleppetunet.
Utdeling av publikumsprisen på scena under heiderskvelden 2025
Sølvi Dimmen
Heiderskveld for næringslivet
Heiderskveld for næringslivet er ein festkveld der Volda Næringsforum set fokus på verdiskaping og samarbeid i lokalt næringsliv. Arrangementet vart halde 25. oktober på Høgskulen i Volda.
Kvelden er laga for å feire og heidre lokale bedrifter, gründerar og enkeltpersonar som gjer ein ekstra innsats i kommunen. Programmet baud matservering, prisutdelingar og sosialt nettverk, med Thomas Ryste som kveldens konferansier.
Prisane som vart delte ut:
- Årets publikumspris
- Årets gründer
- Årets tilsett
- Årets næringslivsaktør (under 10 mill. i omsetning)
- Årets næringslivsaktør (over 10 mill. i omsetning)
- Årets Volda-ambassadør
Målet med Heiderskvelden var å løfte fram og feire alle som bidreg til utvikling, arbeidsplassar og trivsel i Volda, samtidig som ein styrkjer samhald og inspirasjon på tvers av næringar.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Volda Næringsforum og fleire lokale aktørar, mellom anna Sparebanken Møre, SpareBank 1 SMN, Høgskulen i Volda, Studentsamskipnaden i Volda, Oclin, Osdal Catering og Møre.
Vi takkar for eit framifrå arrangement og gratulerer til dei dyktige prisvinnarane med den gjeve prisen!