Inger-Johanne Johnsen får tildelt diplom og blomster i samband med kåringa som årets arkivar
Guro Flø, IKAMR
Inger-Johanne har meir enn 30 års erfaring frå arkivfaget, hovudsakleg i kommunesektoren. Ho er utdanna etnolog og starta karrieren sin ved Arkiv i Nordland i Bodø. Gjennom mange år har ho vore ein viktig fagperson og pådrivar for utviklinga av arkivtenestene på Søre Sunnmøre.
Ho har også vore styremedlem i IKA Møre og Romsdal, og frå 1. januar 2026 tok ho på seg rolla som koordinator for dokumentasjonsforvaltning på Søre Sunnmøre.
Ein engasjert leiar og ein god kollega
Inger-Johanne er kjend for sitt store engasjement, gode humør og evne til å finne løysingar. Ho deler raust av kunnskapen sin, stiller opp når nokon treng hjelp, og er oppteken av at både kollegaer og fagmiljø skal utvikle seg.
Som leiar er Inger-Johanne oppteken av samarbeid, fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Ho legg vekt på å dele kunnskap, finne gode løysingar og bidra til eit godt fagmiljø.
Har sett spor etter seg
Inger-Johanne har gjennom mange år vore ein viktig pådrivar for samarbeid på tvers av kommunegrensene. Ho har også hatt ei sentral rolle i fleire endringsprosessar, mellom anna ved kommunesamanslåinga mellom Volda og Hornindal.
Det var kollegaene hennar i dokumentasjonsforvaltninga på Søre Sunnmøre som nominerte henne til prisen. I nominasjonen trekte dei særleg fram hennar faglege styrke, engasjement og evne til å løfte menneska rundt seg.
Gjennom sitt arbeid har Inger-Johanne bidrege til å utvikle sterke fagmiljø og gode arkivtenester, både i Volda og på Søre Sunnmøre.
Vi er heldige som har Inger-Johanne med på laget, og gratulerer så mykje med ein velfortent pris!