Frå kl. 08:15 til kl. 10:30 vil vegane kring sjukehuset vere stengt for gjennomkøyring.
Illustrasjon
Dette vil påverke tilkomsten til oppstillingsplassen til barnetoget 17. mai og moglegheitene for parkering. Vi oppmodar difor alle som skal til barnetoget om å la bilen stå, dersom det er mogleg.
Vegane kring sjukehuset vil vere stengt for gjennomkøyring mellom klokka 08:15–10:30.
Det vert også avgrensa med parkeringsmoglegheiter i dette tidsrommet. For dei som må køyre, viser vi til vedlagt kart som viser alternative parkeringsplassar i området.
Det er parkeringsplassar over Øyra skule, ved Aasen-bygget og på kundeparkeringa til Kiwi i Vikebygdvegen.
Det er tillate med køyring til eigedomar, men det er redusert framkome grunna gravearbeidet.
Vi ynskjer alle ein riktig fin og trygg 17. mai!