Beredskapsøving i Eiksundtunnelen torsdag kveld 4. april

Beredskapsøving i Eiksundtunnelen torsdag kveld 4. april

I denne samanheng blir tunnelen stengt ei periode. Det blir utrykkingkøyring frå Volda brannstasjon til tunnelen etter klokka 21.30.

Brannbil inne i Eiksundtunnelen under øving - Klikk for stort bilete Erlend Krumsvik

 

Øvinga vil gå føre seg frå 20.30–00.30. Tunnelen blir open med ledebil i delar av perioden. Tunnelen blir opna så snart ryddearbeidet er ferdig, og seinast 00.30, seier fylkeskommunen.

Tunnelen blir open med ledebil eller heilt stengt følgande tidspunkt:

Ledebil: 20.30–21.30

Stengt: 21.30–23.30

Ledebil: 23.30–00.30

 

Krav om øving 

Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter tunnelsikkerheitsforskrifta, og det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane. Kvar 4. år skal det blant anna gjennomførast fullskala øving.

Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i? 

  • Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med raude lys eller bom. 
  • Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på Statens vegvesen sin vegtrafikksentral vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare. 
  • Om du lausnar eit brannslokkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen varsla og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.  
  • På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen. 
  • Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.   
  • Forsøk å varsle møtande trafikk