Berekraftrapport for Volda kommune

Berekraftrapport for Volda kommune

Gjennom nettverket "Berekraftfylket Møre og Romsdal" har kommunane kartlagt status på berekraft. 

Berekraftrapport for Volda kommune

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Etter initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommune har alle kommunane i fylket gjennom nettverket «Berekraftfylket Møre og Romsdal» kartlagt status på berekraft. Metodikken er basert på ein internasjonal standard utarbeidd av fleire FN-organisasjonar.

Resultata er presentert i en berekraftprofil for kvar kommune, og ein samla fylkesrapport.

På bakgrunn av kartlegginga foreslår fylkesrapporten fylgjande satsingar:

  • Smart og berekraftig VA-sektor
  • Fattigdom og sosial inkludering
  • Sirkulær økonomi
  • Digitalisering off. sektor
  • Offentlege bygg – berekraftsertifisering
  • Lokalmat og mattryggleik

Prosjektet og resultata er presentert for kommunestyret og kommunedirektøren si leiargruppe. Kartlegginga vil ligge til grunn for planar og tiltak både i kommunen og fylket.

Rapporten for Volda kommune  (www.itu.int/)

Fylkesrapporten  (mrfylke.no/)

Les meir om berekraftfylket Møre og Romsdal (mrfylke.no/)