BE | ChatGPT
Barnevernstenesta treng besøksheimar og fritidskontaktar i alle våre kommunar, men per tiden særskilt i Ulstein, Hareid, Sande og Vanylven.
Besøksheim:
Besøksheim er noko anna enn ein fosterheim. Å vere besøksheim tyder å ta imot eit barn ein eller fleire helgar i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som treng det. Besøksheimen skal bidra til at barnet får auka nettverk og får fleire trygge vaksne i livet sitt.
Slektningar kan også vere besøksheim.
Fritidskontakt
Ei fritidskontakt er ein medarbeidar som er løna av kommunen. Gjennom samvær og ulike fritidsaktiviteter skal fritidskontakta bidra til at menneske med behov for hjelp, støtte og kontakt får ei trygg og meiningsfull fritid.
Dersom nokon kan tenke seg slike oppdrag, ta kontakt med interkommunal barnevernsteneste på telefon 90 22 86 70.