Betre tverrfagleg innsats i Volda kommune

Betre tverrfagleg innsats i Volda kommune

Rune Sjurgard, kommunedirektør, Per Ivar Kongsvik, kommunalsjef oppvekst, Annika Linge Hessen frå KORUS og Marthe Longva Strandbakken, koordinator tidleg innsats i Volda kommune står utanfor pinsekyrkja der samlinga er. - Klikk for stort bileteRune Sjurgard, kommunedirektør, Per Ivar Kongsvik, kommunalsjef oppvekst, Annika Linge Hessen frå KORUS og Marthe Longva Strandbakken, koordinator tidleg innsats i Volda kommune. Volda kommune

Marthe Longva Stranbakken, koordinator tidleg innsats, inviterte til samling for samarbeid på tvers – til beste for barna.

Onsdag 6. september inviterte Marthe Longva Stranbakken ressurspersonar som utgjer ein viktig del av laget rundt barnet til samling. Målet med samlinga var å starte opplæring og implementere samhandlingsmodellen BTI (Betre tverrfagleg innsats) i arbeidet til kommunen for barn og unge.

Alle barn skal ha det det bra heime, i barnehagen, på skulen og på fritida. I Volda kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Derfor skal vi  arbeide etter modellen BTI (Betre tverrfagleg innsats) i Volda, for å sikre at alle barn, unge og familiar skal få den hjelpa dei treng. 

På samlinga presenterte Marthe ny nettportal og handlingsrettleiar.

Målgruppa for denne samlinga var ressurspersonar for BTI frå tenestene og «BTI-gruppa» i kommunen.

Kommunedirektør Rune Sjurgard fekk æra av å opne samlinga. Med seg hadde han toradaren, og han spelte opp til "Fugledansen" før han tok fatt på å snakke om det viktige arbeidet.

– De er her no som ressurspersonar og får opplæring i dag. Dykk skal vere ressurspersonar på eigen arbeidsplass i eigne einingar og avdelingar. De skal drive rettleiing i denne metodikken i lag med kollegaene dykker. De skal delta i nettverk i organisasjonen vår for å få utvikla denne BTI-modellen i heile Volda kommune.

– Barn og unge får tenester frå ulike sektorar og avdelingar i Volda kommune som forvaltar ulike lovverk. Dette krev samarbeid om ein skal få det til å fungere. Rettane til barn i Noreg er forankra i lovverk, som så er forankra i barnekonvensjonen. Barn har ulike rettar, frå det heilt elementere som liv og helse, til skulegang og utvikling, omsorg og vern, og deltaking og medverking. Alle skal ha det godt heime, i barnehage, skule og også i fritida. 

I Volda har dei fleste det bra, men likevel er det barn og unge, også  i Volda, som ikkje har det så bra, heldt kommunedirektøren fram. – Difor er det viktig med denne metodikken, modellen- BTI, som alle skal jobbe etter. Startskotet har gått tidlegare, men det er no arbeidet og samarbeidet på tvers startar.

Vidare sa han at han er glad for å ha med seg så mange dyktige medarbeidarar med fagekspertise.

– Det som kan vere utfordrande er kva ein skal sjå etter. Etter kvart vil ein opparbeide seg ferdigheiter og erfaring. Ein vil sjå ulike ting frå kvar einskild sin ståstad. Ein må deretter samtale og samhandle, alt etter kva lovverka gir moglegheit for. Ein må lære seg å oppdage og sjå ting, slik at ein oppdagar ting tidleg. 

– Om ein oppdagar ting tidleg nok kan ein setje i verk lågterskeltiltak. Det viktige er å oppdage ting før det eskalere og i verste fall blir for seint, sa ein engasjert kommunedirektør. Det er tydleg at dette er noko kommunedirektøren brenn for.

Dersom det har eskalert og blitt for seint har det store kostnader. 1,30 mill i året kostar det når nokon fell utanfor.

– Men det verste opp i dette er livskvaliteten til desse og livskvaliteten til famililien når nokon fell utanfor, sa kommunedirektøren.

– Det er komplisert når ein skal begynne å samarbeide. Det er difor viktig å lære kvarandre å kjenne, då vert det også lettare å ta kontakt og løyse ting. Ein må også kjenne til lovverk og kva ansvar ein har.

– Ein ting eg òg er opptatt av er om ting har effekt. Sjølv om eg veit at kvar og ein av dykk gjer det de kan, så må ein sjå om tiltaka virka. Det er viktig å setje seg ned og evaluere dei ressursane ein brukar og dei tiltaka ein er inne med, for om det ikkje verkar, må ein sjå seg om etter andre tiltak.

– BTI-modellen er komen for å bli i Volda, avslutta kommunedirektøren, og ønskte lukke til vidare med dagen.

Etter opninga ved Sjurgard, var det duka for programmet som var sett opp for dagen.

Marthe Longva Strandbakken, koordinator tidleg innsats, står saman med Rune Sjurgard, kommunedirektør, og Annika Linge Hessen frå KORUS, og ønsker velkomen til samling. - Klikk for stort bileteMarthe Longva Strandbakken, koordinator tidleg innsats, står saman med Rune Sjurgard, kommunedirektør, og Annika Linge Hessen frå KORUS, og ønsker velkomen til samling. Volda kommune