Blålyskøyring torsdag og fredagBrannavdelinga skal ha vedlikehaldstrening med utrykkingskøyring for sjåførar i Volda og Hornindal torsdag (6 juni) kl 14-20 og fredag( 7 juni) kl 08-17. Brannavdelinga skal ha vedlikehaldstrening med utrykkingskøyring for sjåførar i Volda og Hornindal torsdag (6. juni) kl 14-20 og fredag (7. juni) kl 08-17. Det blir brukt sertifisert instruktør og eigne køyretøy med blålys og sirene. Volda kommune, brann og redning Viktige tips om ein møter utrykkingskøyretøy: Blink og køyr ut til sida. Då forstår sjåføren av utrykkingskøyretøyet at du har sett dei.Ikkje stopp før eller midt i ein sving. Ved høgresving køyr ut av svingen før du svingar ut.Senk farta, men ikkje bråbrems.Sjå på andre trafikantar om dei legg seg ut til høgre.Sjå på utrykkingskøyretøyet kva veg det signalisera til dømes i kryss og avkøyringar.Ikkje følg etter utrykkingskøyretøy. Publisert 06.06.2024 08:30 Sist endra 06.06.2024 08:34