Blålyskøyring

Blålyskøyring

Lurer du på kva du skal gjere når du møter utrykkingkøyretøy med blålys?

Brannbil med blålys - Klikk for stort bilete Volda kommune, brann og redning

Viktige tips om ein møter utrykkingskøyretøy:

  • Blink og køyr ut til sida. Då forstår sjåføren av utrykkingskøyretøyet at du har sett dei.
  • Ikkje stopp før eller midt i ein sving. Ved høgresving køyr ut av svingen før du svingar ut.
  • Senk farta, men ikkje bråbrems.
  • Sjå på andre trafikantar om dei legg seg ut til høgre.
  • Sjå på utrykkingskøyretøyet kva veg det signalisera til dømes i kryss og avkøyringar.
  • Ikkje følg etter utrykkingskøyretøy.