I løpet av veke 20 vil alle innbyggjarane over 18 år i Volda få tilsendt innbyggjarundersøkinga. Undersøkinga er laga av bedrekommune.no, som er eit selskap som lagar innbyggjarundersøkingar for heile kommune-Norge.
Gjennom å delta på undersøkinga kan du som innbyggjar gje oss informasjon om dine forventningar til kommunen og kva du synest om kommunen. Resultata kan gje administrasjon og folkevalde viktige innspel når det skal gjerast prioriteringar for framtida, samtidig som kommunen kan samanlikne resultata som kjem, med resultata andre kommunar i landet har fått på tilsvarande undersøking.
Undersøkinga blir sendt ut i løpet av måndag 15. mai. Dei som har digital postkasse vil få undersøkinga der, medan dei andre vil finne den i Altinn. Dersom du ikkje opnar den i Altinn innan 48 timar, vil du få informasjonsbrevet om undersøkinga i postkassa, men sjølve undersøkinga må du gjennomføre på nettet. Undersøking tar omlag 10 minutt å gjennomføre og deltakarane er sikra full anonymitet.
Vi er sjølvsagt klare over at ikkje alle innbyggjarane våre er digitale, og at ikkje alle får til å svare digitalt utan hjelp. Vi oppmodar desse om å få hjelp frå familie eller vener til å svare, eller å ta kontakt med servicekontoret i kommunen slik at vi kan bistå dei, seier avdelingsleiar for dokumentasjon og service, Inger-Johanne Johnsen.
Vi oppmodar alle om å svare på undersøkinga når den kjem 15. mai. Svarfrist er onsdag 31. mai.