Du MÅ ikkje sykle
Uansett om du syklar, går, tek ein joggetur, eller spelar tennis, tel det som aktivitet. Registrer aktiviteten din mellom 3. mai og 16. juni for å vere med i trekninga av spennande premiar.
Sykling til jobben motiverer til ein meir miljøvennleg og aktiv reiseveg og kvardag. All aktivitet til og frå jobb og på fritida gir poeng. Både sykling, gåturar, styrketrening, fotball, fjellturar og alt anna kan loggast i appen Bedriftsidretten. Gjennom kampanjen får du inspirasjon, utfordringar og moglegheiter til å vinne premiar.
I over 50 år har Bedriftsidretten samla kollegaer, vener, politikarar, kjendisar og kongelege til ein meir aktiv kvardag og fritid.
Å delta med tusenvis av deltakarar, bedrifter og organisasjonar gir ei kjensle av å vere ein del av noko meiningsfullt og større. Den viktigaste gevinsten?
Meir aktivitet, meir energi og mindre utslepp.
Volda kommune ønsker å motivere deg til å verte meir aktiv, og sponsar deltakaravgifta for alle som bur eller jobbar i kommunen.
Les meir og registrere deg i kampanjen her: https://www.sykletiljobben.no
Bedriftsidretten
GDPR og personvern
Du kan lese meir om GDPR og presonvern på Bedriftsidretten.no. Hugs å slette informasjonen du har lagt inn når kampanjen er ferdig om du ikkje vil ha det lagra der. Du kan også be om at Bedriftsidretten gjer det for deg.