Bli med på Vårrydedagen!

Bli med på Vårrydedagen!

Laurdag 16. mars er vårryddedagen. På denne dagen inviterer Hold Norge Rent til første ryddedugnad for året.  

Elise Sandvik Meland, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune viser fram brosjyrar, sekkar og handskar som vert delt ut til dei som vil delta i strandryddeveka. Biletet er teke i fjæra ved Garvarbuda. - Klikk for stort bileteElise Sandvik Meland, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune viser fram brosjyrar, sekkar og handskar som vert delt ut til dei som vil delta i vårryddedagen. Volda kommune

Når våren kjem, kjem også alt søppelet som har lege under snøen. Bli med å gjere Volda litt finare ved å rydde opp i lokalområdet vårt. Deltakarar oppfordrast til å plukke søppel i lokale naturområde i tillegg til sentrum.  

Alt ein treng for å vere med er søppelsekk, hanskar og avfallshandtering. Alle som vil kan komme å hente gratis sekk og hanskar på rådhuset. VØR tilbyr også gratis levering av søppel på vårryddedagen.  

Held fram neste veke og over påske

Du kan kome å hente ryddeutstyr og arrangere ein ryddeaksjon også utover neste veke og over påske. Så lenge ryddeaksjonen er registerert i https://ryddenorge.no/ så tek VØR imot avfallet gratis 

Hold Norge Rent 

Hold Norge Rent er ein organisasjon som jobbar for å få rydda opp i norsk natur. Organisasjonen oppfordrar alle, frå barn til dei eldre, til å bli med på forskjellige ryddedugnadar.  

Les meir om vårryddedagen