Blir ny personal- og organisasjonssjef

Blir ny personal- og organisasjonssjef

Mailene Almklov Kvalsvik (47) har takka ja til stillinga som personal- og organisasjonssjef i Volda kommune. Ho kjem frå stillinga som rektor ved Ørsta ungdomsskule og tek til i den nye jobben over nyttår.

Profilbilde av Mailene Almklov Kalsvik - Klikk for stort bilete privat

Kvalsvik har lang erfaring som leiar i skulesektoren. Ho har vore rektor ved Ørsta ungdomsskule sidan 2019, og var før det rektor ved Sæbø skule frå 2014 til 2019. Ho har også tidlegare arbeidd ved Bratteberg skule i Volda kommune.

Ved Ørsta ungdomsskule har ho mellom anna arbeidd målretta med arbeidsmiljø og tiltak som har bidrege til å redusere sjukefråværet.

  – Mailene gjorde eit svært godt inntrykk på oss. Ho har solid leiarerfaring og ein profil som trefte godt til stillinga. Vi merka oss resultata ho har fått til som rektor ved Ørsta ungdomsskule, mellom anna på arbeidsmiljø og sjukefråvær, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.

Får ei sentral rolle i kommunen

Som personal- og organisasjonssjef blir ho ein del av kommunedirektøren si leiargruppe, og får høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen. Ho skal bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap.

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er mellom anna å leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi og styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø.

Kvalsvik skal drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde og vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål, og leie utvikinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innanfor fagområdet. Ho skal vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll, og ivareta og utvikle partssamarbeidet. 

Kvalsvik får administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice.

 – Eg ser fram til nye og spennande utfordringar som personal og organisasjonssjef i Volda kommune. Etter mange år som leiar i skulesektoren gler eg meg til å bruke erfaringa mi i ei ny rolle. Eg er oppteken av godt samarbeid, tillit og å skape arbeidsmiljø der medarbeidarar trivast og utviklar seg. Eg gler meg til å bli kjend med organisasjonen og bidra til vidare utvikling av kommunen, seier Mailene Almklov Kvalsvik.

Kvalsvik tek over etter Berit Lyngstad, som går vidare til ei ny stilling i Ulstein kommune. Lyngstad har vore personal- og organisasjonssjef i Volda kommune sidan 1. mars 2016, og har sin siste arbeidsdag 18. desember.

Vi takkar Berit for innsatsen og det gode samarbeidet gjennom desse åra, og ønskjer henne lukke til i den nye jobben.

 

Vi ønsker Mailene Almklov Kvalsvik velkomen til Volda kommune!