Boring av nye brønnar i Høydalen

Boring av nye brønnar i Høydalen

Det vert no bora etter to nye brønnar i Høydalen. Det kjem nytt Høgdebasseng og kanal til vassverket tilknytt boringa. Dei nye brønnane skal gi vatn til dei som bur nedanfor.

Ein arbeider står ved ein brønndrill som borar.  - Klikk for stort bileteBoring av nye brønnar er i gong i Høydalen. Julian Hovden

Utstyret er rigga opp og arbeidet er i gong. Boringa skjer ved Dalevegen i Høydalen. Her er mannskap på plass med drill og anna utstyr for å bore dei nye brønnane.

Ein arbeider står ved siden av drillen som borrar etter vatn. - Klikk for stort bileteDrillen borar etter vatn. Julian Hovden

Nytt høgdebasseng og reinseanlegg blir plassert ved det gamle anlegget. Inntaket til det nye anlegget endrast frå vatn frå elva til vatn frå dei nye brønnane. Boringa vert gjennomført i veke elleve. Målet er å få det nye anlegget opp i løpet av 2024. 

For spørsmål om prosjektet kontakt prosjektleiar Kjetil Årøen: kjetil.aroen@volda.kommune.no