Brannsikker hytte i påska

Brannsikker hytte i påska

Mange skal på hytta i påska. Då er det viktig at ein sjekkar at hytta er godt sikra mot brann. Det aller viktigste er å sjekke at røykvarsleren fungerer.

Bilete er frå påska 2015 og viser ein hyttebrann i Hessdalen i Holtålen kommune, litt nord for Røros. Ole Jørgen Kjellmark  

Sjølv om mange bruker hytta mykje, står dei fleste hytter ubrukt i fleire veker i strekk i løpet av året.

 

Kvar gang hytta tas i bruk må man sjekke at røykvarslaren fungerer. Batteriet kan ha gått tomt sidan sist ein sjekka og da verkar ikkje røykvarslaren. Pass difor også på at man alltid har ekstra røykvarslerbatteri på hytta. Og er du i tvil om det, sett det på handlelista for påska.

 

Mange hytter ligg utanfor allfarveg, og utrykningstida er ofte lenger enn den vil vere i dei meir sentrale områder. Difor er det utruleg viktig at ein ikkje tek ferie frå brannsikkerhet når man drar på hytta, vi har ingen liv å miste i brann.

 

- Husk at brannsikkerheita er den same på hytta som heime. Det skal minste vere ein røykvarsler per etasje, seier branningeniør Knut Øystein Ekroll

 

Brannvernforeninga si sjekkliste for brannsikker hytte:

  • Sjekk røykvarslaren kvar gang hytta tas i bruk.
  • Kontroller at dører og vindauger som skal nyttast ved rømming ikkje er blokkert av snø
  • Ha alltid ekstra batteri til røykvarsler i reserve.
  • Sørg for rikelig tilgang til slokkeutstyr
  • Gå aldri frå levande lys.
  • Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ.
  • Deponer og kast askeavfall på ein forsvarlig måte.
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
  • Vær ekstra varsom ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slanger jevnlig.
  • Bruk godkjente fagfolk til utbedringer som krev dette.