Bruk kondom!

Bruk kondom!

Helsesjukepleiar Silje Hjellbakk Hole og helsesjukepleiar student Ingeborg Aam står utanfor helsestasjonen i Volda og viser fram at dei har gratis kondomar. - Klikk for stort bileteHelsesjukepleiar Silje Hjellbakk Hole og helsesjukepleiar student Ingeborg Aam har gratis kondomar på helsestasjonen. Volda kommune

Det er viktig å bruke kondom, – og teste seg dersom ein har sex med fleire enn ein partnar. Det er aukande gonorésmitte i landet, og vi har fått nokre tilfelle i Volda også.

Folkehelseinstituttet har sidan hausten 2022 registrert auke i talet på meldte smittetilfelle med  gonoré.

Frå å vere ein infeksjon som i stor grad har smitta i homoseksuelle miljø i inn- og utland, ser vi no ei dreiing mot meir heteroseksuell smitte, særskilt blant ungdom og unge vaksne.

Det er ein tidobling av meldte tilfelle blant kvinner samanlikna med for få år sidan. Dei fleste tilfella er i aldersgruppa 20-29 år med ein medianalder på 22 år blant kvinner og 23 år blant heteroseksuelt smitta menn. Majoriteten er smitta i Norge.

Kva skjer om eg er smitta?

Gonoré gir symptom hos cirka 50 % av smitta kvinner og cirka 90 % av smitta menn. Det vil seie at mange oppdagar ikkje at ein er smitta. Gonoré kan gi alvorleg infeksjon med blodforgifting, og det kan også føre til at ein kan miste fruktbarheita.

Smitte også i Volda

– Vi har sett nokre enkelttilfelle i Volda, seier kommuneoverlege Arne Drabløs, som oppmodar om at dei som er i målgruppa tek kontakt med helsestasjon for ungdom og studentar for testing.

– Vi vil også oppfordre alle som har sex med meir enn ein partnar til å bruke kondom, oppmodar kommuneoverlegen.

Du kan bestille kondomar heilt gratis rett heim til postkassa di på: www.gratiskondomer.no

Treng du test? 

Kontakt helsestasjon for ungdom og studentar. Du treng ikkje å bestille tid, vi har ope for drop-in. 

  • Tid: Tysdag og torsdag kl 14.00-16.00 (siste oppmøte 15.30)
  • Stad: Helsestasjonen på Volda rådhus, underetasjen, inngang på nedsida. 
  • Pris: Gratis

Telefon til helsestasjonen:  70 05 88 20

Dersom du får positiv test vil helsestasjonen ta kontakt med deg og ordne slik at du får nødvendig behandling.

Plastkorger med gratis kondomar - Klikk for stort bileteRett innanfor døra til helsestasjonen finn du gratis kondomar. Volda kommune