Bruk stemmeretten – førehandsstemmene er godt i gang i Volda

Bruk stemmeretten – førehandsstemmene er godt i gang i Volda

Allereie har rundt 750 innbyggjarar førehandsstemt – bli med og gjer di stemme høyrt!

Bodil Egset, Sonja Hovden og Paul Ottar på veg ut frå valavlukke med kvar sin stemmesetel. - Klikk for stort bileteBodil Egset, Sonja Hovden og Paul Ottar Tornes på veg ut frå valavlukke med kvar sin stemmesetel. Volda kommune

Interessa for førehandsstemming er stor i Volda, og fleire hundre har alt nytta høvet til å sikre at deira stemme vert med i valet. No håpar vi endå fleire vil kome innom og bruke stemmeretten sin.

Du kan førehandsstemme på Samfunnshuset i Volda.

Opningstider neste veke:

Kvardagar: 25., 26., 27. og 29. august: kl. 09.00–15.00

Torsdag 28. august: langope kl. 09.00 - 18.00

Laurdag 30. august: ope kl. 11.00–14.00

Å stemme er ein viktig del av demokratiet – di stemme tel!