Anita Kristiansen, seksjonsleiar Barstadtun omsorgsbustadar, Lill Kristin Vassbotn, seksjonsleiar Fjordsyn omsorgsbustadar og Astrid Dimmen, avdelingsleiar heimetenester.
Volda kommune
Avdeling heimetenester gjennomfører brukarundersøkingar i februar månad.
For dei som bur på bemanna omsorgsbustad på Fjordsyn, Barstadtun og Folkestadtun er det denne gongen pårørande som får tilsendt spørreundersøkinga.
– Vi ynskjer å få vite meir om deira perspektiv på tilbodet, seier Astrid Dimmen som er avdelingsleiar for heimetenestene.
– Kartlegginga er anonym og vi nytter standardiserte skjema frå bedrekommune.no. Desse blir sendt ut digitalt, men om nokon ynskjer fysisk spørreskjema kan dei få det.
– For dei som er heimebuande blir brukarundersøkinga gjennomført ved korte intervju av eit utval av brukarar. På grunn av tida det tek å gjennomføre har vi diverre ikkje kapasitet til å intervjue alle. Resultata av brukarundersøkinga er viktig grunnlag for evaluering og forbetring av tenestetilbodet, seier avdelingsleiaren.