Bu trygt heime i Volda kommune - Volda kommune

Bu trygt heime i Volda kommune

Bu trygt heime i Volda kommune

Tysdag 14. april er det duka for årets bu trygt heime-temadag om korleis ein kan leve eit godt liv - heile livet.

Bu trygt heime arbeidsgruppa viser fram plakatar - Klikk for stort bileteArbeidsgruppa til temadagen er klar for ein innhaldsrik dag om teknologi i kvardagen. Oppe frå venstre: Ergoterapeut Inger Anne Brevik, fysioterapeut Yngvild Røv, ergoterapeut Heidi Ørstavik. Nede frå venstre: Sjukepleiar Monica Hovden, assisterande kommunalsjef Elin Vatne Høydal og seksjonsleiar i avdeling førebygging og rehabilitering Randi Heltne Alfsvåg. Volda kommune


Temadagen vert open for alle interesserte, og er særleg retta mot aldersgruppa over 65 år. I år vert fokuset spesielt på tema som omhandlar teknologi i kvardagen. 

Som ein del av det helsefremmande og førebyggande arbeidet i Volda kommune, har vi tidlegare år hatt eit tilbod om eit heimebesøk til dei som har fylt eller fyller 80 år i løpet av året. Føremålet med heimebesøka har vore å gi informasjon og samtale om ulike tema som kan ha betyding for helse og livskvalitet i åra framover. I kommunedelplan for helse og omsorg 2022-2034 står det at ein skal vidareutvikle ordninga med opne møter med tema om å planlegge for alderdomen.

I 2025 starta vi med denne vidareutviklinga, og arrangerte ein open temadag på nye Volda samfunnshus med svært godt oppmøte. I år flyttar vi dagen til Uppheim i håp om å få plass til enno fleire interesserte. Med bakgrunn i årets fokus på teknologi i kvardagen er også pårørande som har høve til å stille på dagen svært velkomne.

Frå scena denne dagen får vi høyre rådgjevar frå Senteret for et aldersvennlig Norge som blant anna skal snakke om kampanjen Vårt digitale liv og viktigheita av å planlegge for alderdomen. Tussa Installasjon vil informere om diverse teknologiske løysingar, blant anna smarthusteknologi. Det vil bli informasjon om Sprek på nett, velferdsteknologi og digital løysing for fysisk aktivitet. Til sist vil Søre Sunnmøre legevakt fortelje om tenesta digital heimeoppfølging. Det vil også bli kulturelt innslag ved Demenskoret leia av Ingrid Vik Henriksen, samt ved musikarane Einar Opsvik og Robert Løkketangen. 

Programmet blir delt opp i to bolkar frå 11.00-12.30 og 13.30-15.00. Gjennom dagen blir det stands med aktuelle forhandlarar, lag og organisasjonar i tillegg til kommunale tenester. I pausa er det høve til å stille spørsmål, sjå og prøve ulike løysingar. Møteplassen Gnisten står for sal av lunsj og kaffi.
Å planlegge for ein trygg og aktiv alderdom handlar om å ta gode val i tide. Med enkle teknologiske løysingar kan du auke tryggleik i eigen heim, halde kontakt med familie og vener, vere meir aktiv i kvardagen og meistre eigen helse betre. Vi i arbeidsgruppa ynskjer deg velkomen til ein informativ og triveleg dag på Uppheim denne aprildagen. 
 

Frå fjorårets Bu trygt heime-temadag - Klikk for stort bileteFrå fjorårets Bu trygt heime-temadag Rebecca Vikene