Ingunn Gjengedal var konfransier og opna arrangementet med Ragnhild Aarflot Kalland og Ordførar Sølvi Dimmen
Rebecca Vikene
Volda kommune arrangerte den opne temadagen for folk over 65 år, der dei fekk verdifull informasjon om korleis dei kan bu trygt heime. Arrangementet vart opna av Assisterande kommunalsjef i sektor Helse og omsorg, Ingunn Gjengedal, som også var konfransier for dagen. Med på opninga var og seksjonsleiar på forvaltningskontoret i sektor Helse og omsorg, Ragnhild Aarflot Kalland og ordførar Sølvi Dimmen.
Deltakarane fekk blant anna høyre om planlegging av alderdom, fysisk aktivitet, branntryggleik, og støtteordningar. Det vart òg tid til å utforske stands og prate med representantar frå ulike tenester i foajéen.
I tillegg var det aktivitetar der deltakarane kunne få delta. Dagen var både informativ og sosial, og deltakarane fekk ei god blanding av faglege innlegg og praktiske tilbod for eit tryggare og betre seniorliv.
Avslutningsvis kan vi nemne at Volda kommune er i ferd med å utvikle ei nettside spesielt retta mot seniorar i kommunen. Målet med nettsida er å gjere viktig informasjon lett tilgjengeleg, slik at eldre innbyggjarar kan få rask og enkel tilgang til relevante tenester, aktivitetar og nyttig informasjon som kan gjere kvardagen enklare og betre.