Bubilparkering ved rutebilstasjonen i Volda sentrum

Bubilparkering ved rutebilstasjonen i Volda sentrum

Ny bubilparkering i Volda sentrum 

Vi håper at dette tilbodet til bubilturistar blir eit positivt innslag i Volda.

Plassen ligg sentralt i umiddelbar nærleik til butikkar og sentrumstilbod. Rekreasjonsområde og turvegar er også like i nærleiken.

I Volda er mykje å sjå om ein vil rusle rundt i sentrum. Gå langs hamna og ut på moloen. 
Går du Andanesvegen går du forbi Garvarbuda, småbåthamna og kjem til turområdet på Andaneset. På Andaneset turområde er det mulig å leige badstove. 
Via Lægdavegen eller Andanesvegen kjem du til bygdetunet Haualeite, med sitt lune fine område og dei gamle husa.

Frå sentrum/Industrigata er det kort veg til å gå i Elvadalen og til Volda skatepark og stadionparken på Rotset. Der er klatrejungel, streetbasketbane og treningsapparat. Derifrå er kort veg til badeplassen Årneset ved Rotevatnet. I andre enden av Rotevatnet er den nyleg opparbeida badeplassen Botnasanden. Der blir nytt sanitærbygg.

Volda sine butikkar er spesialbutikkar der du kan finne mykje fint.

I Volda er opne kafear på kveldstid og helg.

Opplev Volda og Ørsta

Oversikt over bubilplassar i Noreg og fakta om plassen i Volda