Busetting av flyktningar i Volda

Busetting av flyktningar i Volda

Bilde av det Ukrainske flagget - Klikk for stort bilete

Kommunen riggar seg for rask busetting av flyktningar i 2022.

Vedtak om 50 flyktningar i 2022

Kommunestyret vedtok på møte 10. mars å busette 50 flyktningar i 2022, der 25 plassar er knytt til førespegla tilleggsoppmoding frå staten i lys av situasjonen i Ukraina. Det er hittil i år busett 14 flyktningar. Det tyder at det er att 36 av kvota på 50 i 2022. Ved auka behov vil kommunedirektøren vurdere kommunen sin kapasitet og kome attende til kommunestyret med ei ny sak om dette.

Rask busetting og rigging av tenester

Flyktningane i Volda har dei to siste åra kome frå Kongo, Afghanistan, Syria og Sudan. No førebur kommunen seg også for busetting av flyktningar frå Ukraina på kort varsel. I første omgang er det midlertidig innkvarteringshusvære kommunen førebur. Planlegginga og gjennomføringa av busettingane vert gjort innan dei ordinære kommunale tenestene. Det vert arbeidd med å rigge tenestene innanfor helse, skule, barnehage og flyktningtenesta.

Private bustader, språkhjelparar og frivillige

Mange av innbyggarane i Volda har vist stort engasjement for den pågåande krigen i Ukraina, og ynskjer å hjelpe til med private bustader, husrom, som språkhjelparar og frivillige, noko Volda kommune setter stor pris på.

Når vi har meir oversikt over kva bustadbehov dei ulike flyktningane har behov for; familiar med barn, einslege og eldre, vil vi opne for registrering av bustader. Dette gjeld også om du ønskjer å bidra som språkhjelpar eller frivillig, og bidra til å ta imot flyktningane på ein god måte i Voldasamfunnet.

Praktisk informasjon

UDI har ansvar for å ta imot flyktningar som kjem til Noreg. Frå onsdag 16. mars vert det opna for desentralisert asylregistrering av omsyn til ukrainarar som oppheld seg i andre landsdelar slik at desse slepp å reise til Råde for registrering. Busetting av flyktningar til kommunane foregår koordinert gjennom IMDi. For meir informasjon:

 

UDI: Informasjon om krisen i Ukraina - UDI

IMDi: https://www.imdi.no/ukraina/

 

Du kan lese meir i politisk sak 11/22 som vart behandla i kommunestyret 10.03.22.

Her finn du opptak av kommunestyremøtet der saka vart behandla.