Dansens dag i Volda   

Dansens dag i Volda   

På bilete står Ingvild Aasen Grimstad, Jenny Warholm Engh og Heidi Margrethe Kile-Ottesen på trappa ved inngangen til Volda samfunnshus. Dei har på seg t-skjorter der det står "Dansens dager". - Klikk for stort biletePå bilete frå venstre: Ingvild Aasen Grimstad, Jenny Warholm Engh og Heidi Margrethe Kile-Ottesen. Line Malvik

Laurdag 29 april vert dansens dag feira på samfunnshuset i Volda.

Dansens Dager er ei internasjonal markering og målet med dagen er å løfte fram verdien av dans og betydninga dans kan ha både for eit samfunn og for enkeltindividet. I Volda byr me på både hiphop, jazzdans, seniordans, contemporary, gamaldans, dansespelet Just Dance og bli med dansen. 

Internasjonal feiring 

I 1982 etablerte International Dance Committee – ITI, Unesco, den internasjonale Dansens Dag som ei markering av all dans. Dagen vart lagt til 29. april som er fødselsdagen til den franske dansemeisteren Jean-Georges Noverre som er rekna for å vere grunnleggaren av den klassiske balletten. Feiringa går føre seg i meir enn 60 land og har ei inkluderande og foreinande ramme.  

Godt etablert i Noreg 

I Noreg har dansens dag vorte ein godt etablert tradisjon fleire stader, Danseinformasjonen er nasjonal koordinator og i 2010 døypte dei om arrangementet til Dansens Dager sidan feiringa strakk seg over meir enn den eine dagen. Feiringa går føre seg i heile landet og handlar om å gi plass til alle, uansett dansesjanger, alder og politisk, kulturell, etnisk eller religiøs tilhøyrsle. Dansens Dager har i fleire år fungert som ein møteplass for forskjellige dansemiljø, grupperingar og enkeltpersonar.  

Danseglade Volda 

Det vert innslag frå Ørsta og Volda ballettskule, Hornindal danseverkstad, Volda Frilynde Ungdomslag, musikklinja ved Volda vgs. og Volda Seniordans. Det vert også sal av kaffi og kaker og Ung i Volda inviterer til å prøve dansespelet Just Dance. Arrangementet er gratis og det vert høve til å oppleve både scenisk og sosial dans, noko innomhus og kanskje noko utomhus. -I Volda har me danseglade aktørar i alle aldrar, og det er kjekt å kunne å gi dei lokale aktørane høve til å møtast på tvers av erfaring og danseform, seier Line Malvik, prosjektleiar i kulturavdelinga i Volda kommune som er koordinator for arrangementet. Malvik har tidlegare arbeidd med Dansens Dag hjå Bergen Dansesenter.  

 

Program for dagen: 

 

Kl. 12.00 Danseinnslag i kinosalen 

  • Ørsta Volda Ballettskule
  • Volda Kulturskule
  • Hornindal Danseverkstad
  • Ung i Volda
  • Einy Åm Sparks
  • Ung i Volda 
  • Nynorsk kultursentrum
  • Nynorsksenteret

Kl. 13.00 Kafé 

 

Kl. 13.30 Danseinnslag framfor samfunnshuset

(Blir flytta innomhus dersom vêret er utriveleg) 

  • Musikklinja ved Volda vgs.
  • Zumba 
  • Seniordans
  • Volda Frilynde
  • Blime dans