Delte ut to prisar i kommunestyremøtet

Delte ut to prisar i kommunestyremøtet

Stein Osvoll og Edvid Mårstøyl fekk Frivilligprisen for 2018. Prisen vart delt ut av ordførar Jørgen Amdam og varaordførar Sølvi Dimmen.Både Frivilligprisen og Innovasjonsprisen vart delt ut på årets siste kommunestyremøte.

Etter eit flott musikalsk innslag for å starte kommunestyremøtet i Volda, årets siste, var det duka for to prisutdelingar. Dette var Frivilligprisen og Innovasjonsprisen.

Dette er to årlege prisar som vert delt ut i samband med kalenderårets siste kommunestyremøte.

Frivilligprisen er meint som ei positiv merksemd tilbake til frivillige organisasjonar gjennom deira gode arbeid i lokalsamfunnet.

Innovasjonsprisen er ein intern pris for tilsette i Volda kommune som set i gang tiltak som er nytt, nyttig og nyttiggjort og kan gi meirverdi og betre arbeidsrutiner blant tilsette.

Delt Frivilligpris

Årets Frivilligpris vart delt mellom to vinnarar.

Første prisvinnar:

Den eine prisvinnaren vert av forslagsstillar(ane) skildra med følgjande formuleringar: «Han er påliteleg, stødig og ekte, han skaper ei trygg og harmonisk atmosfære rundt seg, han er ein behageleg og fleksibel person, alltid blid, snill og tålmodig».

Etter at vedkomande gikk av med pensjon har han i sju år vore frivillig og bidrege til at brukarane av dagsenteret og andre avdelingar knytta til helse-og omsorg i Volda kommune kjem seg ut på turar, og for mange er dette eit stort lyspunkt i tilveret.

«Innsatsen som frivillig er uvurderleg, og vi set stor pris på at han brukar av tida si til å vere frivillig sjåfør», skriv brukarane av dagsenteret for eldre.

Juryen vurderer kandidaten dit at han oppfyller godt kriteriane for frivilligprisen, som går til Stein Osvoll.

Andre prisvinnar:

Den andre prismottakaren vert skildra av forslagsstillar slik: «NN er ein av våre frivillige som i ei årrekke i det stille og utrettelege har lagt ned ein utruleg stor arbeidsinnsats til beste for den enkelte og samfunnet. Slike folk som NN tel ikkje timar og forventar ingenting tilbake for innsatsen dei legg ned».

Samfunnet som har glede av prismottakar sin innsats er Indre Dalsfjord, og den omfatter ikkje noko mindre enn å ruste opp kulturhuset i bygda, slik at bygda no har fått ein samlingsplass etter at skulen vart lagd ned.

Ein sambygding fortel at huset har gått frå å vere falleferdig og til å verte eit brukshus som vert nytta både til private selskap og samkomer for heile bygda.

Bygdeeldsjela har fysisk bygd og renovert huset, samla inn pengar til arbeidet, og er sjølvskriven i styret år etter år.
Juryen vurderer kandidaten dit at han oppfyller godt kriteriane for å frivilligprisen, som går til Edvin Mårstøyl.

Begge prisvinnarane vart overrekt ein sjekk på kr 5.000,- i tillegg til ein blomsterbukett og ei vasskaraffel. 

Innovasjonsprisen

Innovasjonsprisen skal gå til eit tiltak som stegvis forbetrar eksisterande rutinar. 

Vinnarforslaget handlar det om å skape eit meir heilheitleg tenestetilbod for barn/brukarar med særskilte behov, der brukarane får tilstrekkeleg tryggleik, eit godt nok fagleg tilbod og stabilitet i kvardagen.

Eit av måla med prosjektet har vore å skape samhandling mellom ulike faggrupper og auka forståing for kvarandre sine arenaer. 

Juryen var samrøystes om at tiltaket «1+1=3», som vart sendt inn av Håvard Strand og Ingunn Gjengedal, var årets vinnar av innovasjonsprisen i Volda kommune.

Vinnarane fekk kr 20.000,- som skal gå til kostnadar i prosjektet.

Ingunn Gjengedal og Håvard Strand får utdelt Innovasjonsprisen for 2018 i Volda kommune av ordførar Jørgen Amdam.