Paneldebatt under Demokratikonferansen 2026 i Ulsteinvik.
Silje Scheide Mork
Det var det overordna spørsmålet då politikarar, kommuneleiarar, næringsliv, forskarar og innbyggarar samla seg til Demokratikonferansen 2026 på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.
Gjennom to konferansedagar vart kommunestruktur, arbeidskraft, samfunnsutvikling og internasjonale utviklingstrekk diskuterte.
Sjølv om meiningane om kommunesamanslåing var delte, var det brei semje om eitt bodskap: Framtida krev meir samarbeid, omstilling og vilje til å ta nye val.
Arbeidskrafta er den største utfordringa
Mangel på arbeidskraft gjekk att som det viktigaste temaet gjennom heile konferansen.
KS-direktør Geir Aga peika på at norske kommunar står overfor tre store utfordringar samtidig: færre innbyggarar i arbeidsfør alder, aukande behov for velferdstenester og ei meir uroleg verd.
– Det er ikkje kommunegrensene som held meg vaken om natta. Det er arbeidskrafta, sa Aga.
Han understreka at kommunane kjem til å trenge fleire tilsette innan helse og omsorg i åra som kjem, samstundes som tilgangen på arbeidskraft blir mindre.
Det var stor interesse for KS-direktør Geir Aga sine betraktningar kring framtidas kommunar under Demokratikonferansen 2026.
Silje Scheide Mork
Søre utan filter
Det same biletet teikna NAV sin statistikksjef Ulf Andersen. Han viste til at Søre Sunnmøre kan få om lag 1.700 færre personar i yrkesaktiv alder fram mot 2050, medan talet på eldre aukar kraftig. Berre innan helse- og omsorgssektoren kan regionen trenge rundt 750 fleire tilsette.
Han utfordra samstundes det vanlege biletet av ei akutt bemanningskrise. Andersen peika på at mykje kan løysast dersom fleire kjem inn i arbeidslivet, og dersom fleire står eitt år lenger i arbeid før dei går av med pensjon.
Andersen peika på at betre oppvekstvilkår, redusert sjukefråvær, inkludering av fleire i arbeidslivet og at fleire står lenger i jobb, blir avgjerande for å møte utfordringane.
– Arbeidskrafta finst allereie her. Mange som i dag står utanfor arbeidslivet, ønskjer å jobbe dersom dei får moglegheita.
Statistikksjef i NAV, Ulf Andersen, synte fram den forventa alderssamansetninga på Søre Sunnmøre.
Silje Scheide Mork
Kommunestruktur handlar om framtidige tenester
Telemarksforsking sin rapport om framtidig kommunestruktur på Søre Sunnmøre låg som eit bakteppe for konferansen, men fleire av talarane understreka at kommunesamanslåing ikkje er eit mål i seg sjølv, men eitt av fleire verkemiddel for å møte framtidige utfordringar.
Moderator Alfred Bjørlo framheva at det viktigaste ikkje nødvendigvis er kva konklusjon regionen kjem fram til.
– Det viktigaste er at de snakkar saman om den framtida de skal ha i lag, uansett korleis kommunegrensene ser ut, sa han.
Kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda meinte regionen må førebu seg på store demografiske endringar.
– Vi må ikkje sløse med arbeidskrafta. Vi må rigge regionen slik at vi står sterkare i konkurransen om folk og kompetanse, sa han.
Også leiar for Kommunekommisjonen, Eivind Dale, peika på at færre yrkesaktive og fleire eldre vil krevje nye løysingar. Han meinte kommunane må få større handlingsrom til å finne løysingar som passar lokalt.
Leiar for kommunekommisjonen, Eivind Dale.
Silje Scheide Mork
Professor Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda viste til forsking frå tidlegare kommunesamanslåingar. Erfaringane gir ikkje eintydige svar på kva som fungerer best, men syner at lokale forventningar og innbyggarmedverknad er avgjerande for korleis endringane blir opplevde.
Sterk region i ei uroleg verd
Professor Øystein Tunsjø ved Forsvarets høgskule løfta perspektivet frå lokale kommunegrenser til dei store utviklingstrekka internasjonalt, når han skildra rivaliseringa mellom Kina og USA som den viktigaste geopolitiske endringa i vår tid.
Han synte at internasjonale konfliktar, handelspolitikk og teknologikamp også påverkar norske lokalsamfunn gjennom eksport, forsyningslinjer og næringsutvikling.
Professor ved Forsvarets høgskule, Øystein Tunsjø, snakka om korleis rivaliseringa mellom USA og Kina påverkar heile verda; også Noreg og kommunane på Søre Sunnmøre.
3K kommunikasjon/Silje Scheide Mork
Administrerande direktør Trond Nyland i Sparebanken Møre peika på at Søre Sunnmøre står sterkt med eksportretta næringar, høg verdiskaping og stor innovasjonskraft. Samstundes krev auka geopolitisk uro og sterkare kamp om kompetansen tettare samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor.
– Det globale blir raskt lokalt. Skal samfunnet fungere, må næringslivet fungere, sa Nyland, som også fortalte dei frammøtte om bankane si rolle i beredskapskjeda og kor viktig det er med stabilitet i finansielle tenester dersom noko uventa skjer.
Administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trond Nyland, snakka m.a. om bankane si rolle i totalberedskapen.
Silje Scheide Mork
Næringslivet tenkjer regionalt
Fleire innleiarar peika på at kvardagen til innbyggarane i liten grad følgjer kommunegrensene.
Ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, understreka at regionen i praksis fungerer som ein felles bu- og arbeidsmarknad.
– Folk bryr seg mindre om kommunegrenser enn vi politikarar gjer, sa ho.
Lene Trude Solheim frå NHO synte til at bedriftene tenkjer regionalt når dei rekrutterer medarbeidarar og utviklar verksemdene sine.
– Bedriftene spør ikkje kva kommune folk bur i når dei tilset. Dei er opptekne av kompetanse, kundar og marknader, sa ho.
Ho framheva også behovet for god samferdsel, tilgang på energi og effektive offentlege prosessar for å sikre vidare vekst i regionen.
Lene Trude Solheim frå NHO gav konferansen næringslivet sitt perspektiv på framtidas kommunestruktur.
Silje Scheide Mork
Kommunen er meir enn ein tenesteprodusent
I fleire innlegg vart det understreka at debatten om kommunestruktur handlar om meir enn organisering og økonomi.
Hanne Notøy frå Ulstein meinte kommunane må vere ærlege om utfordringane som kjem, og at framtidas innbyggarar ikkje nødvendigvis kan forvente dei same tenestene som i dag.
Ordførar Ann-Kathrin Storøy i Herøy delte erfaringar frå kommunen sitt omstillingsarbeid og peika på kor krevjande det er å prioritere når ressursane blir knappare.
Agnar Kårbø i Kommunal Rapport understreka betydninga av open dialog og gode prosessar.
– Politikken må vere kunnskapsdriven, men politikarane må også forstå at folk reagerer med kjensler, sa han.
Redaktør i Kommunal Rapport, Agnar Kårbø.
Silje Scheide Mork
Geir Aga løfta til slutt perspektivet utover tenesteproduksjon og kommunegrenser.
– Kommunen er meir enn ein tenesteprodusent. Han skal byggje samfunn, skape attraktivitet og gi folk tru på framtida, sa han.
Framtida kjem uansett
Den avsluttande paneldebatten synte at det framleis er ulike syn på om kommunesamanslåing er riktig veg vidare. Samtidig var det brei semje om at kommunane på Søre Sunnmøre deler dei same utfordringane.
Mangel på arbeidskraft, fleire eldre, aukande forventningar til tenestene og behovet for å styrkje samfunnsutviklinga vil krevje handling. Om løysinga ligg i sterkare interkommunalt samarbeid, endra kommunestruktur eller ein kombinasjon av fleire tiltak, vil den vidare prosessen syne.
Volda-ordførar Sølvi Dimmen og Ulstein-ordførar Stian Skorgen Scheide spøkte med friarferda mellom kommunane på Søre Sunnmøre, men peika på dei alvorlege utfordringane som ligg til grunn.
Silje Scheide Mork
Eitt bodskap gjekk att gjennom begge konferansedagane: Å ikkje gjere noko er også eit val. Framtida kjem uansett. Spørsmålet er kor godt Søre Sunnmøre er førebudd når ho kjem.
Men trass utfordringsbiletet er ikkje KS-direktør Geir Aga uroa for kommunane på Søre.
– De byggjer verdas beste skip her ute. Eg er sikker på at de kan byggje verdas beste kommune også.
KS-direktør Geir Aga er optimistisk på vegner av kommunane på Søre Sunnmøre, trass utfordringane som vil kome.
Silje Scheide Mork
Artikkelen er utarbeidd i samarbeid mellom kommunane i dei pågåande utgreiingane om samarbeid og kommunestruktur