Reisevaneundersøking: di meining er viktig!

Lenke til undersøkinga: https://app.maptionnaire.com/q/voldareisevanar  

Den Trondhjemske postveg, tilskot til verdiskaping og prosjekt

Den Trondhjemske postveg, tilskot til verdiskaping og prosjekt

Horndøla bru på Den Trondhjemske postveg Martin Gjellestad

Fylkeskommunen vil støtte verdiskaping og prosjekt i kommunar der postvegen går. Dette for å blåse liv i Den Trondhjemske postvegen.

Innbyggarar i Volda kommune kan få tilskot

No kan innbyggarar, museum, frivillige lag og organisasjonar, offentlege og private verksemder og privatpersonar i Volda kommune søke tilskot til prosjekt eller tiltak som bidreg til å blåse liv i den historiske postvegen. Tilskotsordninga er ein del av det nasjonale postvegprosjektet, som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland fylkeskommunar og Statens vegvesen. Ordninga gir støtte til gode prosjekt i kommunar langs postvegen, inkludert Volda kommune.

Frå historie til oppleving

  • Hovudmålet er å utvikle postvegen som eit nasjonalt kulturmiljø og skape nye aktivitetar. Prosjektet skal bidra til større merksemd og verdiskaping langs Den Trondhjemske postveg, som går mellom Bergen og Trondheim, seier Tore Bugge Pedersen, prosjektleiar for nasjonalt postvegprosjekt.

 

Vil gi støtte til lokale initiativ

Innbyggarane i Volda kommune kan søke om støtte til aktivitetar som bidreg til å skape verdi lokalt, med utgangspunkt i postvegen som kulturmiljø. Dette kan vere ulike typar arrangement, småskala næringsutvikling, produksjon av lokalmat og reiseliv.

 

De kan også søke om støtte til ulike lokale prosjekt og tiltak som:

  • kartlegging og tilstandsregistrering av postvegen.
  • samarbeid med frivillige organisasjonar for skjøtsel og skilting.
  • formidlingsprosjekt som kunst, film, vandreteater og VR-prosjekt.
  • utvikling av turskilt og andre tiltak som fremjar postvegen som turmål.

 

– Dette er ein unik moglegheit til å bidra til å bevare og utvikle ein viktig del av vår kulturarv. Ved å søke tilskot kan du vere med på å skape nye opplevingar og aktivitetar langs postvegen, og samtidig styrke lokalsamfunnet, seier Bugge Pedersen.

Søknadsfristen er tysdag 10. juni. 

Du finn meir informasjon og lenke til søknadsskjema på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Fakta:

Den Trondhjemske postvegen er eit gamalt namn på vegen som gjekk mellom Bergen og Trondheim, og som tidleg på 1700-talet vart teken i bruk for å frakte post då staten overtok ansvaret for postvesenet. Sidan 2023 har fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland, saman med Statens vegvesen, jobba for å skape meir aktivitet langs den gamle vegen. Prosjektet varer ut 2026.