Det er kåra ein vinnar i konkurransen om Volda symjehall

Det er kåra ein vinnar i konkurransen om Volda symjehall

Det er levert to tilbod i konkurransen om bygging av ny symjehall ved  Volda Campus Arena.

Begge tilboda har gode løysingar på ein symjehall som inneheld 15,5x25 m symjebasseng med stup og tribune, 8,5x12,5 m opplæringsbasseng med HC-rampe, romslege garderober, badstu, kaldkulp og trivselsområde med barnebasseng, motstraumskanal og sklier, i tillegg er det boblebad og dusj utandørs.

Etter evaluering av tilboda er det no kåra ein vinnar. Det vart Christie & Opsahl AS som vart vurdert som det beste tilbodet etter ei evaluering av pris, løysingsforslag og kompetanse. Løysingsforslaget er vurdert av eit eige utval leia av sivilarkitekt Ivar Aamlid der bygning og uteområdet sin form og funksjonalitet vart vurdert i detalj gjennom fleire møter.

Prosjektet går no inn i ein fase der politikarane må avgjere vidare prosess og økonomiske rammer. Dette kjem ein attende til i løpet av januar.