Digital heimeoppfølging, eit nytt tenestetilbod

Digital heimeoppfølging, eit nytt tenestetilbod

Bilete av prosjektgruppa som står oppstilt framføre banner frå helsedirektoratet. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Erlend Bae, seksjonsleiar legevakt, Karianne Sveen Orvik, koordinator velferdsteknologi i Volda kommune, Mona Ryste, rådgjevar Volda sjukehus, Lisbeth Hoggen Totland, helsesjukepleiar legevakt og Linda Nedrelid Vatne, sjukepleiar legevakt. Søre Sunnmøre legevakt

No startar arbeidet med å gjere det nye tenestetilbodet, digital heimeoppfølging, kjent for målgruppene.

Først ut er LHL, som skal ha informasjonsmøte for sine medlemmar 25. april. Representantar for prosjektgruppa skal vere med på møtet og orientere om kva digital heimeoppfølging er.

– Det er ikkje heilt klart for å rulle ut denne tenesten enno. Vi har gjort mykje forarbeid og skal snart i gang med å teste det nye tenestetilbodet gjennom nokre testpersonar, seier prosjektleiarane Linda Nedrelid Vatne og Karianne Sveen Orvik. 

Kva er digital heimeoppfølging?

Digital heimeoppfølging handlar om at pasientar med kroniske sjukdomar får digitalt måleutstyr i heimen, der målingane blir sendt til ein sentral med helsepersonell som følger opp i forhold til pasienten sin individuelle behandlingsplan. Digital heimeoppfølging har som mål å gje pasientar større grad av opplevd tryggleik og meistring i kvardagen. Det er vidare eit mål å oppdage endring i helsetilstand på eit tidleg tidspunkt, og å medverke til å redusere både trongen for innlegging i sjukehus og kontroll på poliklinikk og hos fastlege.

Prosjektet på Søre Sunnmøre vart valt ut

Helsedirektoratet støtter eitt digitalt heimeoppfølgingsprosjekt i kvart Helsefellesskap i landet, og frå Møre og Romsdal er det prosjektet på Søre Sunnmøre som er valt ut. Det var stor interesse for å søke på tilskotsmidlane som Helsedirektoratet lyste ut, og sterk konkurranse for å få løyving. Volda sjukehus, Volda kommune, Ørsta kommune og Ulstein kommune samarbeider om dette prosjektet. Etter kvart håper vi alle kommunane på Søre Sunnmøre vil kunne tilby digital heimeoppfølging.

Ei ny teneste

Prosjektet skal utvikle eit nytt tenestetilbod. I første omgang vert det eit tilbod til personar med KOLS, hjartesvikt og diabetes. Søre Sunnmøre legevakt skal drifte tenesta. Her skal sjukepleiarar følge opp brukarane på kvardagane, og vere eit bindeledd mellom brukaren, fastlege, sjukehus og kommunale tenester. Søre Sunnmøre legevakt er eit etablert interkommunalt samarbeid med dyktig personell som har høg kompetanse på vurdering av pasientar gjennom telefon og video frå tidlegare. Det var difor naturleg for sjustjerna Helse og omsorg og helseføretaket å legge prosjektet til legevakta, slik at ein kan nytte dette kompetansemiljøet til å bygge opp eit framtidsretta helsetilbod for kronisk sjuke på Søre Sunnmøre.

– “Måling og meistring - Digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre” er eit spanande prosjekt å jobbe med framover, og vi trur det vil føre med seg positive effektar for pasientar, sjukehuset, fastlegane og kommunehelsetenesta, seier prosjektgruppa.

Helsedirektoratet oppmodar med følgjande faglege råd:

  • Kommunale helse- og omsorgstjenester bør tilrettelegge for digital heimeoppfølgjing
  • Før oppstart av digital heimeoppfølgjing bør det søkjast samarbeid i helsefellesskapet
  • Personar med kroniske lidingar eller behov for langvarig oppfølgjing, med middels til høg risiko for forverring av sin helsetilstand, bør verte tilbydd digital heimeoppfølgjing

Kontakt

Karianne Sveen Orvik
koordinator velferdsteknologi
E-post
Mobil 90 82 26 27