Digital hjelp – elevar stiller opp for innbyggjaraneElevar frå Volda ungdomsskule inviterer til gratis kafé på Volda samfunnshus. Elevar ved VUS faget IFA Treng du hjelp med mobil, nettbrett, data eller digitale tenester? Då kan du ta turen til Samfunnshuset i Volda, der får du både gratis kaffi og digital hjelp.Tilbodet blir arrangert av elevar frå Volda ungdomsskule som har valfaget Innsats for andre. Som ein del av faget ønsker elevane å bidra positivt i lokalsamfunnet, og no stiller dei opp for å hjelpe innbyggjarar med digitale utfordringar.Elevane hjelper med det du måtte trenge, anten det gjeld appar, e-post, kalender, bruk av PC, mobil eller nettbrett. Her er det rom for både små og store spørsmål, og ingen forkunnskapar er nødvendige.Elevane ønsker velkomen til kafé, anten du kjem for det sosiale eller for å få datahjelp.Tidspunkt og tema:4. februar: Hjelp med dataTid: kl. 12.30–14.00Stad: Volda samfunnshusTilbodet er ope for alle, og det er ikkje nødvendig med påmelding. Ta med deg det digitale utstyret du ønskjer hjelp med.Velkomen Publisert 30.01.2026 09:55 Sist endra 30.01.2026 09:56