Den teknologiske utviklinga går raskare enn nokon gong. Volda kommune tek behovet for vedlikehald og utvikling av kompetanse på alvor og vil no rette merksemda mot grunnleggjande IT-ferdigheiter.
Svein Berg-Rusten, Lena Sætre, Ingunn Svendsen, Ingunn Gjengedal, Paul Ottar Tornes og Thomas Hjelseth.
Volda kommune
Digital kompetanse er avgjerande for å meistre daglege arbeidsoppgåver, uavhengig av avdeling og stillingsnivå. Kartlegginga er første steg, og på sikt skal vi sikre at alle tilsette har eit grunnleggjande ferdigheitsnivå som er naudsynt i vårt moderne informasjonssamfunn – både på jobb og privat.
Kartleggingstesten inneheld 50 spørsmål innan desse fem temaområda:
- Bruk av datamaskin og filhandsaming
- Teksthandsaming
- Internett
- E-post
- Teams
I første runde vert helse- og omsorgssektoren prioritert, då denne sektoren står framfor store endringar, mellom anna innføring av nytt journalsystem i nær framtid. Vi håpar at denne kompetansehevingsprosessen vil gjere overgangen enklare og styrkje meistringskjensla hos dei tilsette.
Dei som er valde ut til å delta på kurset, vil få ein e-post med lenkje for å opprette ein brukar i løysinga. I helse- og omsorgssektoren vil det òg bli arrangert fysiske samlingar der vi går gjennom opplæringa saman og støttar kvarandre for best mogleg læringsutbytte.
Opplæringspakken er levert av Norsk Test AS, eit dotterselskap av Datakortet AS, som har over 30 års erfaring med utvikling av digital kompetanse.
Kurset startar med ein test på 50 spørsmål. Basert på resultata får deltakarane tilpassa opplæring som dekkjer individuelle kunnskapsgap. Til slutt skal det bli gjennomført ein ny test for å måle framgang. Alle resultata vert behandla anonymt og samla berre på sektornivå.