Erlend Sporstøl Vikestrand
Saka TV2 tek opp skriv seg nokre år tilbake i tid, og rettmessig vert det framsett kritikk mot Volda kommune. Skulesektoren i Volda kommune hadde den gong ikkje tilstrekkeleg kompetanse til, eller kultur for, kartlegging og risikovurdering av vald og trugsmål.
– Vi ser at skulane våre på dette tidspunktet hadde større merksemd på enkeltelevar og elevane sitt læringsmiljø, og i mindre grad dei tilsette sitt arbeidsmiljø, seier Per Ivar Kongsvik, kommunalsjef for sektor oppvekst.
– Generelt har det også vore ein prosess å knyte arbeidsmiljølova si forståing av vald og trugsmål om vald til hendingar som kan skje i skulekvardagen.
– Volda kommune har lært mykje av saka TV2 omtalar. Den har bidrege til at alle dei kommunale skulane i kommunen har hatt opplæring av bedriftshelsetenesta kring førebygging av vald og trugsmål om vald. I internkontrollen er det gjort tydeleg at rektor årleg har ansvar for kartlegging og risikovurdering av vald og trugsmål om vald. Basert på ROS -analyse skal det vidare bli gjort ei vurdering av behov for opplæring og øving for heile eller delar av personalgruppa, fortel Kongsvik.
– Dette er likevel ikkje til hjelp for den tilsette TV2 omtalar. I møte med den tilsette har kommunalsjef både munnleg og skriftleg beklaga det den tilsette har vore utsett for, og at det har fått så store konsekvensar for henne.
– Vedkomande er framleis tilsett i Volda kommune, og saman med personalsjef har kommunalsjef jamlege møte med henne og tillitsvald.
– Volda kommune lyttar til og tek på alvor den kritikken den tilsette set fram, og finn ikkje grunn til å gå i møte denne kritikken i media.
– Det er trygt å vere lærar i Volda kommune. Sjølv med gode førebyggande tiltak og risikovurderingar er det likevel slik at uønskte hendingar kan oppstå utan at nokon har gjort ein feil eller at det er systemsvikt.