Ei god jul for alle

Ei god jul for alle

Frivilligsentralane i Volda har fått gåve frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre til ei open, felles julefeiring – og no treng vi frivillige som vil vere med å skape ei varm og inkluderande julaftan for alle.

For mange er julaftan familiesamling etter faste tradisjonar, og kan ikkje tenkje seg nokon annan måte å feire jul på. Men dette gjeld ikkje for alle, heller ikkje i Volda kommune.

Også denne jula,  som tidlegare år, vert det jobba for å få til eit fellesarrangement, ope for alle som har lyst til å dele høgtida med andre. 

Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre har gitt frivilligsentralane i Volda kommune ei gåve på kr 125 000,- øyremerka «Ei god jul for alle».

Vi går no ut med oppmoding til alle som kan tenkje seg å bidra til ein julafta-dugnad, med praktisk hjelp, underhaldning, mat, gåver, eller anna. Ta kontakt så snart som mogleg, per epost, sms eller telefon til kristine.sofie.orheim.hansen@volda.kommune.no tlf.: 41 51 28 13

Vi må vite om vi har dugnadsgjengen på plass før vi kan lyse ut påmelding til festen.

 

Takk for at du stiller opp.