Ei ny perle i Volda er klar for bruk

Ei ny perle i Volda er klar for bruk

Prosjektleiar Torgeir Stensø  og ordførar Sølvi Dimmen viser stolt fram badstova "Dynamittlageret" på Andaneset.

Det gamle dynamittlageret er ferdig renovert og oppgradert som badstove.

Vi har no starta med utleige av badstova. Etter at badstova vart ferdig har det vore ei innkøyringsperiode der dei som har teke kontakt har fått låne den utan at det har vore krav om betaling. Dette har blitt gjort for å teste ut korleis opplegget fungerer og fordi vi av smittevernomsyn ikkje har sett det forsvarleg å opne for full drift.

Ut ifrå dei erfaringane vi har hatt og tilbakemeldingane vi har fått meiner vi at tilbodet no kan opnast for publikum.

Det er Byggtrad Løvoll AS ved Tommi Benjami Räty som har utført det fine oppgraderingsarbeidet på badstova. Arve Haddal har laga det fine rekkverket utanfor.

Ordninga er slik:

Ynskjer du å leige? Då bestiller du badstova på nett. NB! Bookinga er midlertidig stengt på grunn av problem med nøkkelboksa.

Badstova har ein nøkkelboks, som du kan opne med kode som du får når du har gjennomført bestillinga.

Prisen for leige er kroner 300,- inkl mva.

Her er ei «bruksanvisning» med ordensreglar m.m (PDF, 489 kB).