Daniel Fatnes / DSB
I veke 44 (27. oktober – 2. november) markerer Sanitetsforeininga, Sivilforsvaret og Volda kommune Eigenberedskapsveka. Dette er ei nasjonal kampanje som skal gjere oss som innbyggjarar betre førebudde på uønska hendingar. Målet med veka er å styrke kunnskapen om eigenberedskap og minne oss på kor viktig det er å vere rusta til å klare oss sjølve i minst 7 dagar dersom straumen går, mobil- og internettet fell ut, eller tilgangen til vatn og mat blir avgrensa.
Kvifor er dette viktig?
Det globale risikobildet er i endring. Klimaendringar fører til meir ekstremvêr, uro og krig i Europa minner oss om kor sårbare det moderne samfunn kan vere. Samtidig gjer auka digitalisering oss meir avhengige av teknologi og internett – og dermed meir sårbare dersom desse tenestene fell bort. Ved bortfall av straum og internett kan både kommunikasjon, betalingstenester og tilgang til informasjon stoppe opp.
Ved større kriser kan det ta tid før offentlege tenester og hjelp når fram. Difor er det avgjerande at innbyggjarane har grunnleggjande beredskap heime. Når fleire er godt førebudde, kan kommunen konsentrere innsatsen der behovet er størst – til dømes til sårbare grupper og kritiske samfunnsfunksjonar.
Korleis kan du førebu deg?
Eigenberedskap handlar om å ha det du treng heime for å kunne ta vare på deg sjølv og dine næraste. Det betyr å ha tilgang til:
- Vatn og mat for ei veke
- Varme og lys utan straum
- Informasjon og kommunikasjon utan internett
- Medisin og hygieneartiklar
- Ein beredskapsvenn som kan bistå deg ved behov
Møtepunkt under Eigenberedskapsveka:
Her kan du få informasjon, stille spørsmål og få tips til korleis du kan gjere heimen din meir robust ved kriser.
- Spinneriet, måndag 27. oktober frå kl. 12.00
- Kiwi Vikebygdvegen, tysdag 28 oktober kl. 15.00-18.00
- Spar Hornindal, torsdag 30. oktober frå kl. 11.30
- Coop Extra i Furene laurdag 1. november frå kl. 11.00
Brosjyre om eigenberedskap (PDF, 4 MB)
Eigenberedskap er eit felles ansvar – og det startar med deg. Ta grep no, så står du sterkare når det gjeld!