I dag har vi vore på stand i Voldaportalen/Kiwi. Du treff oss fram til klokka 17.00. Stikk innom standen vår og få god informasjon!
Sanitetsgruppa saman med Knut Øystein Ekroll frå brann og redning i Volda kommune.
Ukjent
Ukjent
Brosjyre i posten
Eigenberedskapsveka 2024 starta måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.
Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.
Vi oppmodar deg om å besøke oss og sanitetslaget på ein stand. Der vil du få god informasjon om kor viktige vi alle er i beredskapssamanheng. Vi er alle ein del av beredskapen i Norge.
Om eigenberedskapsråda
Eigenberedskapsråda finn du også på sikkerhverdag.no
Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.
Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.