Ein aktiv og inspirerande dag for Volda ungdomsråd

Ein aktiv og inspirerande dag for Volda ungdomsråd

Volda ungdomsråd deltok denne veka på ei innhaldsrik og engasjerande ungdomsrådssamling i Fosnavåg arrangert av Ungdommens fylkesråd. 

Presentasjon av gruppeoppgåve om inkluderande russetid - Klikk for stort biletePresentasjon av gruppeoppgåve om inkluderande russetid. Line Malvik

Samlinga samla ungdomsråda i 7-stjerna til erfaringsdeling, opplæring og dialog om tema som betyr mykje for unge i Møre og Romsdal.

Program for dagen

Samlinga starta med ei uformell matøkt før deltakarane fekk ei felles velkomsthelsing og vart varme i trøya gjennom presentasjonsrunde og statusoppdateringar frå dei ulike ungdomsråda. Her delte råda erfaringar om møtefrekvens, deltaking i kommunestyret og saker dei jobbar spesielt med. Deretter følgde ein dialog med elev- og lærlingeombodet, der ungdomane løfta hadde gruppearbeid om trygge friminutt og inkluderande russetid. Etter lunsj presenterte medlemmer frå Ungdommens fylkesråd seg og fortalte om arbeidet sitt, inkludert rolla til Ungdommens fylkesting. Dagen heldt fram med ein læringsleik om demokrati og medverknad, før programmet vart avslutta med eit innlegg frå ordføraren i Ulstein om korleis ungdom kan kome i kontakt med «makta» og få gjennomslag for sakene sine.

Gruppearbeid om trygge friminutt. - Klikk for stort bileteGruppearbeid om trygge friminutt Line Malvik

Planlegging av Back to the 2000’s på Rokken

Etter ein heil dag på samling gjekk vegen vidare til Rokken for middag og møte. Der gjennomførte rådet eit eige planleggingsmøte på Rokken for arrangementet Back to the 2000’s på som skal gå føre seg på Rokken fredag 20. mars. Dette blir eit gratis arrangement for ungdom med quiz, lokale band, dansegolv og god stemning..

Back to the 2000’s er finansiert gjennom ungdomsmidlar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune som ungdomsrådet sjølv har søkt om, i kombinasjon med prosjektmidlar frå kulturavdelinga knytt til fylkeskommunen si samarbeidsavtale UNG kunst og kultur og tilskot til Open Møteplass frå Barne og familiedirektoratet.  Tilskotsmidlar skal mellom anna skal nyttast til snackbar og gratis buss tur/retur Grodås slik at fleire får moglegheit til å vere med. Ungdomsrådet gler seg til å tilby ei inkluderande og trygg oppleving for ungdom i Volda.

Bak frå venstre: Haral Myren (Rokken), Iver Standal  Nilsen, Oleksandr Cherniavskyi, Ola Gunnar Ekblom Lillestøl, Jakob Gausemel Kandal, Endre Liaskar Granli, Ole Magnus Aasebø, Line Malvik     Foran frå venstre: Aren Kvien Håskjold, Felix Almestad, Klara Margrethe Grønbech, Solveig Fremmerlid Søvik, Tomine Vatland, Anna Heltne Tønnesen, Andrea Hjorthaug, Kamilla Paulen - Klikk for stort bileteBak frå venstre: Haral Myren (Rokken), Iver Standal Nilsen, Oleksandr Cherniavskyi, Ola Gunnar Ekblom Lillestøl, Jakob Gausemel Kandal, Endre Liaskar Granli, Ole Magnus Aasebø, Line Malvik Foran frå venstre: Aren Kvien Håskjold, Felix Almestad, Klara Margrethe Grønbech, Solveig Fremmerlid Søvik, Tomine Vatland, Anna Heltne Tønnesen, Andrea Hjorthaug, Kamilla Paulen Line Malvik