Eldreråd og råd for personar med funksjonsnedsetting (FUNK)

Eldreråd og råd for personar med funksjonsnedsetting (FUNK)

13. november hadde eldreråd og råd for personar med funksjonsnedsetting sine første møte for ny periode, der dei mellom anna konstituerte seg med å velge leiar og nestleiar.

I eldrerådet har vi Egil Anders Straume som leiar og Anne Lise Fredly er nestleiar. Dei andre i rådet er John Gerhard Leirvik, Karsten Osvoll og Magnhild Sande. 

Råd for personar med funksjonsnedsetting har Sverre Leivdal som leiar og Kari Gamlem som nestleiar. Dei andre i rådet er Hege Helland, Thea Kanutte Åmelfot og Dagfinn Kristiansen.

Møteplan, sakliste, møtedokument og protokollar for alle politiske utval kan du sjå på heimesida under postlister og møtedokument

Har du ting å ta opp som passar for eit av desse råda, så ta gjerne kontakt med dei.

 

6. og 7. desember 2023 er representantar frå råda på opplæring i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune:

Eit samfunn for alle - korleis kan vi medverke?
Ei samling for kommunale medverknadsråd i Møre og Romsdal